Eg meiner ein ikkje skal ignorere dei innvendingane nabofylka har mot å  kalle samanslutninga «Vestlandet fylkeskommune» . Eg vil heller merke meg det positive med protestane:  At alle oppfattar «Vestlandet» som ei samlande nemning for alle dei fire fylka.. truleg med unntak for nokre kommunar på Nordmøre. Eg vil minne om at Sunnmøre  åleine har større folketal enn både Sogn og Fjordane og resten av Møre og Romsdal kvar for seg.

Eg meiner at ein ikkje skal gje opp tanken om at ein på denne uttrykte samkjensla over tid kan byggje  institusjonelle realitetar.

Utan å gjere noko hovudpoeng av det, meiner  eg det er på tide å knytte ordet fylke til det regionale sjølvstyrenivået, slik ordet kommune dekker både institusjonen kommune og den geografiske utstrekning den omfattar.

Ordet fylkeskommune er smør på flesk. Ordet fylke har med utgangspunkt i norrønt språk tydinga folkefellesskap. Det er også tydinga av kommune med utgangspunkt i latin.

I denne samanheng gjev danskane eit dårleg føredøme.. I Norge verkar ordet amt gamalmodig, men i demokratisk perspektiv dessutan ubrukande fordi det peikar i retning av embetsdistrikt. Slik sett kunne det vere dekkande for det vi kallar fylkesmann. Men eg innser at ut frå historiske arv vil dette neppe bli akseptert som ny nemning. Det får vere statens eiga utfordring å finne fram til ei dekkande nemning for sin fremste regionale  representant.

Av omsyn til best mogeleg samspel kan det vere tenleg at vedkomande embetsperson verkar innan det same territoriet som fylket, men det er  ikkje sjølvsagt. Staten har tillate dei ulike statlege etatane å bruke høgst ulike inndelingar på institusjons-, distrikts- og regionnivå, gjerne med  direktorat med store fullmakter. Eg trur at før eller seinare må generalistperspektivet få større vekt att. Spørsmålet er om i kva grad fylket eller eit embete liknande fylkesmannens skal føre an i denne prosessen på regionalt nivå og eventuelt på distriktsnivå.

Det vi i dag kallar fylkesting vart heimla i formannskapslovene av 1837. Men byane(kjøpstadane)kom ikkje med i fylkeskommunen før ut på 1960-talet.  Dette kan oppfattast som byane sitt forsvarsverk kring dei privilegia som hadde følgt av merkantilismen, laugsvesen og einerett til handel (særskilt eksport) i ein omkrins («circumferens») Fylkeskommunen kunne så vere landkommunane sin allianse andsynes bymakta. Kjøpstadane var jamvel samgrupperte som eigne valkrinsar i høve stortingsvalet til og med 1949.

I dette perspektivet kan ein forstå kvifor vi enno i dag finn den største skepsisen mot fylkeskommunen i nokre krinsar i dei større byane. I fylkeskommunen av i dag møtest by og land på like vilkår. Det tyder ikkje å underkjenne Bergens tyngde og utviklingspotensiale, også til bate for fylket elles,. Ut frå dette kan det ikkje vere tenleg å feste eit namn til det nye storfylket som spesifikt viser til Bergen, anten det er med namnet i si noverande form eller eldre former som Bjørgvin eller Bergenshus

Ein kan nesten ikkje overvurdere den siviliserande kraft som låg i Gulatinget sin posisjon og omdøme. Gjennom minst 400 år har det vist både tilpasningsevne og kontinuitet. Det utvikla seg gjennom hundreåra langs fire hovudliner:

a) Frå allting til representasjonsting.

b) Geografisk ekspansjon. Etter kvart omfatta lovområdet alle dagens fylke frå om lag  Romsdalsfjorden til dagens grense mellom Agder og Telemark og jamvel innlandsområda Valdres og Hallingdal. Møtestaden kan heile tida vore innanfor noverande Gulen kommune der ein også finn tusenårsstaden for Sogn og Fjordane.

c)  Modell for annan lovgjeving. Gulatinget ar den landsdelslov som mest prega Magnus Lagabøtes landslov frå 1274. Vurdert ut frå si tid hadde den vore ein suksess.

d) Mekanismane bak iverksetting av avgjerdene. Den vinnande part måtte sjølv syte for dette, men tinget hadde då gjeve parten legitimitet til å inndrive motpartens skyldnader – om naudsynt med makt. Etter kvart kunne kongen bruke si makt slik at samfunnet kunne «med lov byggast og ikkje med ulov øydast».