For oss innbyggjarar vil det vere eit mareritt om søppeldunkane våre står fulle og ikkje vert henta. Nettopp dette opplevde dei i Oslo i sommar, då eit anna renovasjonsfirma fekk store problem. Der vart det eit søppelberg utan like. At søpla vår ikkje blir henta må ein for all del unngå.

No har Nomil jobba intenst for å finne løysing for Nordfjord, og vel å overta både mannskap og utstyr. Vi applauderer!

Det Nomil gjer no er det einaste rette. Men dette skulle ein gjort frå starten av, i staden for å leige inn eksternt selskap som skulle handtere renovasjonen vår i Nordfjord.

Vi registrerer at det er mange halvmorosame kommentarar på sosiale media etter at Fagforbundet Eid gjekk ut i Fjordabladet og bad politikarane vakne og ønskte renovasjonen tilbake i kommunal regi. Det vert gjort eit poeng av at Fagforbundet vil flytte ansvaret frå Nomil tilbake til kommunane. Vi minner om at det er ikkje Nomil som til no har henta søppelet vårt. Det har dei kjøpt inn tenester for, og dette firmaet er konkurs.

Kvar og ein kommune må vere opptatt av at dei kommunale tenestene skal vere gode og føreseielege, som til dømes innan renovasjon, vatn og kloakk. Når ein før har valt å kjøpe tenester, så er ein sårbare om noko skjer. Då er det lett at heile tenesta stoppar opp.

Vi forventar at kommunane forvaltar vår pengar på ein best mogleg måte, slik at vi får dei tenestene vi har bruk for. At det interkommunale selskapet Nomil overtar renovasjonen sjølv er den beste løysinga.

No håper vi avfallskrisa er løyst for godt.