Samstundes var det hyggeleg å sjå at kommunestyret ser verdien av det som har skjedd i Hjelmelandsdalen dei 10 -12 siste åra

Hadde han følt med i timen under presentassjonane som styreleiar  la fram så hadde ein fått vite at det verkeleg vert utført dugnad på Harpefossen heile året ,det er snakk om fleire tusen timar.

Det er klart ein politikar kan vere skeptisk ,men det bør i alle fall ikkje framstillast slik at dei som verkeleg står på får eit slag under «beltestaden».

Det er mange hyttefolk og heile familar av dei som har hytte på Harpefossen som stiller på dugnad ,og eg føler på vegne av dei at dette som står i avisa verkeleg er med å skade det som har skjedd og er i ferd med å skje på Harpefossen .Er dette noko god marknadsføring ?  Her er forsatt mange langs med kysten som ynskjer å bygge hytte ,skal ein berre la dei kjøre vidare ?   Det som har skjedd på Eid siste åra er positivt og har fått mykje skryt og merksemd og ein brukar ordet Eid Inviterer i dei fleste samanhengar.

Og så kjem ein då med skremselpropoganda om at viss de ikkje no stiller opp så vil  hyttene deira miste ein vesentleg verdi . Burde ein ikkje vere med å støtte opp om det som skjer i heile kommune ,har ein tenkt på kva verdiskaping dette har tilført Eid kommune  - 105 hytter med ein kostnad på over 300 mill ,infrastruktur på over 30 mill ,og så det viktigaste ,kva legg kvar enkel hytteeigar att i form av handel på Eid i løp av eit år ? , og så får ein og den eigedomsskatten som har fått nokk spalteplass.

Problemet er å finne folk til å ta på seg leiaransvar , så om Ludvigsen ynskjer det så skal ein nokk finne plass i styre både i skisenteret og hyttegrenda ,vi har både hyttefolk –grunneigara –pensjonistar –foreldre –barn og aktive som stiller på for å få utført det praktiske arbeidet som skal til for å tilby eit fritids og aktivitetstilbod  ikkje berre for innbyggarane i Eid kommune ,men og nabokommunar og andre tilreisande

Håpar at skisenteret og hyttegrenda kan forsette det gode samarbeidet som ein no har fått til med Eid kommune og at dette kan verte ei vekstnæring ikkje berre på vinterstid ,det ser ein allereie at det er eit aukande marknad for leige på sommartid og det bør vi på lik linje med andre kommunar i Sogn og Fjordane dra nytte av .

Hyttegrenda og skisenteret vil forsette å marknadsføre Eid kommune som vi no har gjort i mange år ,vi er alle avhengige av ei gjensidig marknadsføring  og det håpar eg at både politikara og admistrasjonen  vil gjære.