For fire år sidan kom ein ung og ukjent kar frå Eid og Nordfjord inn på Stortinget: Sveinung Rotevatn frå Venstre.

Å bli kjend og ha gjennomslagskraft på Stortinget er ikkje lett. Mange forsvinn i den store grå massen.

Sveinung er ikkje ein av dei. Dei siste fire åra har han løfta seg til å bli ein av landets dyktigaste og mest respekterte politikarar - uansett parti. Han er ein all-roundar som set sitt preg på alt frå sosialpolitikk til næringspolitikk, miljøpolitikk, internasjonal solidaritet og liberale kampsaker som personvern og respekt for ulikskap og menneskeverd.

Samtidig veit eg - og kan gå god for - at Sveinung aldri har gløymt kvar han kjem frå. Han har vore levande engasjert i å stå på for Eid, Nordfjord og Sogn og Fjordane. Han har brukt sin autoritet og sin posisjon til å skape utviklingsrom for våre lokalsamfunn - i statsbudsjett, politiske avtaler og konkrete saker han har løfta fram i Storting og inn til regjeringar.

I årets stortingsval er Sveinung den einaste kandidaten frå Nordfjord med sjanse til å kome på Stortinget. Dersom du trur det er viktig for Eid og Nordfjord å vere representert på Stortinget, har du berre eitt alternativ. Du må røyste Venstre. Då kan du gi Sveinung det siste løftet som trengs for at han skal bli vår mann på Stortinget i fire år til. Di røyst kan avgjere om Nordfjord blir representert på Stortinget eller ikkje.

Gje Sveinung di tillit - røyst Venstre i Eid, Nordfjord og Sogn og Fjordane på valdagen. Godt val!