Uansett kor ein måtte stå politisk er det vanskeleg å motseie at dagens regjering, med Høgre i spissen, har gjort ein veldig god jobb, og styrt Norge med stødig hand gjennom ei svært utfordrande periode. No står valet mellom trygg leiing med Høgre og Erna, eller eit raudgrønt alternativ der SV, Dei Grøne eller Raudt kan få avgjerande påverknad.

Oljekrise og flyktningekrise

Den blå regjeringa tok over makta på verst tenkelige tidspunkt. Norge har dei siste 30-40 åra gjort seg ekstremt avhengig av oljen, og dei enorme inntektene fra oljeindustrien har vore ei sovepute både for næringslivet og staten. Plutselig fall oljeprisane som ein stein og oljekrisa var eit faktum. Massevis av selskap fekk store økonomiske problem og arbeidsløysa steig dramatisk. Aldri har det vore viktigare å ha ei regjering som var handlekraftig, og som kunne setje inn tiltak for å kompensere og skape ny vekst. Takka vere solid politisk styring og effektive tiltak, er Norge i ferd med å kome seg gjennom oljekrisa og ut att i andre enden med nye grøne, berekraftige næringar som vi kan leve av i framtida. Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane pr august er det lågaste på nesten 10 år, kommunane har betre rammevilkår enn på lenge, og næringslivet går so det susar.

I perioden som var, kom også flyktningekrisa. Europa stod overfor den største flyktningestraumen sidan andre verdskrigen. Enkelte land åpna grensene og slapp inn mest alle som ville kome. Norge førte ein streng og rettferdig innvandringspolitikk og ein har unngått ukontrollerte, nærast lovlause tilstandar som ein har sett fleire andre stadar i Europa.

Reformar

Samtidig har regjeringa sett i gang ei rekkje reformar som t.d. kommunereforma og regionreforma. Folk flest er ikkje so veldig glade i endringar, og slike reformar vil alltid skape ei viss motstand. Men alle ser at det er nødvendig. Dersom ein vil ta vare på noko, må ein tore å endre på det. Ein kommunestruktur som har vore den same i 50 år er moden for ei rullering. Tenk kva som har skjedd desse åra innanfor teknologi, internettløysingar, transportmiddel, tunnellar, bruer og vegar. Avstandane er blitt mindre, og løysingane for å kommunisere med kvarandre har endra seg dramatisk. Då er det berre tull å tvihalde på gamle strukturar. Då må vi tåle å sjå at ein innordnar seg på ein meir effektiv måte, slik at pengane kan brukast på lærarar, barnehagearbeidarar og omsorgsarbeidarar, i staden for store kommuneadministrasjonar på kvart eit nes.

Vi sat på Hoven i Loen og høyrde debatten der, og høyrde Sp sin leiar Trygve Slagsvold Vedum seie gong på gong; «Når det går so bra, kvifor skal vi endre på noke då?» Det er litt paradoksalt å sitje på toppen av ei gondolbane og sjå ned på eit stort badeanlegg, og vite at dersom hotelleigaren hadde hatt denne tankegangen so hadde ingenting av dette nokon gong blitt bygd. Slik tankegang vil føre til stagnasjon og forvitring, ikkje til utvikling og vekst.

Di stemme betyr noke!

Det er eit afrikansk ordtak som seier; «Viss du trur du er for liten til å utgjere ein forskjell, prøv å sove i eit lukka rom saman med ein mygg.» Og slik er det, du kan vere med å bestemme kven som skal styre Norge dei neste 4 åra.

Vi trur det er viktigare enn noken gong at du stemmer. Dei som trur at Sogn og Fjordane har ei bakstreversk befolkning som ikkje vil vere med på utviklinga i samfunnet, og vil gå baklengs inn i framtida, tek feil. Stem på eit parti som kan ta fylket vårt vidare inn i framtida og sørge for at vi får fleire nye arbeidplassar, meir utvikling og at vi får betre helsetilbod, skular og vegar. Godt val!