KrF får best karakter når Handikapforbundet har vurdert alle partiprogramma. Stortingskandidat Tore Storehaug meiner det er ei naturleg følgje av at Kristeleg Folkeparti seier nei til sorterings-samfunnet. Då seier vi nemleg  samtidig JA til eit samfunn der ingen skal vere hindra frå å delta. For KrF er det vesentleg at ein sentral verdi som «menneskeverdet» vert omsett i konkret og praktisk politikk som hjelper i folk sin kvardag.

KrF har ma fått gjennomslag for at transportordninga for funksjonshemma skal bli ei nasjonal ordning. Vi har stått på for at krav til universell utforming skal inn i lova om offentlege innkjøp. Og vi har fått eit einstemmig Storting med oss på å opprette mobbeombod i alle fylker. Dette er viktig, for vi veit at altfor mange born og unge med funksjonsnedsetting opplever å bli mobba.

Det er viktig å hugse at «folk med nedsett funksjonsevne» ikkje er ei einsarta gruppe. Brukarmedverknad vil derfor vere viktig når ein skal utforme og legge til rette, både fysiske tilhøve og i det viktige arbeidet med haldningsskaping.

Vi er klare på at tiltak for at funksjonshemma får leve aktive liv er eit likestillingstiltak, ikkje eit helsetiltak. For denne gruppa viser tal at det å ha utdanning er endå viktigare enn i resten av befolkninga for å få jobb. Gode og tilrettelagte skular og undervisningsopplegg er derfor ein nøkkel for å lukkast.

Offentlege bygg er framleis ikkje godt nok tilrettelagt og universelt utforma. Heller ikkje private forsamlingshus som grendahus, bedehus, kyrkjer og ungdomshus. Alle desse fell dessutan mellom to stolar når det gjeld å få rettleiing og støtte til å få betre tilhøve. Ein har ofte ikkje andre enn kommersielle aktørar som dermed blir bukken og havresekken for å finne gode løysingar. KrF vil endre på dette, og opprette støtteordningar for å få på plass hjelpemiddel.

Når ein i familien er funksjonshemma, så er det noko heile familien vert råka av. KrF vil derfor ha ein

Foreldrepakke til foreldre med barn med nedsatt funksjonsevne

Hver familie må sikres en kvalifisert koordinator i kommunen som kan sikre dem tilgang på eksisterende og nye tilbud innen:

- medisinsk oppfølging og veiledning

- barnepass og avlastningsordninger

- hjelpemidler

- økonomiske rettigheter

- tilrettelegging av bolig

- foreldreveiledning og samlivskurs

- hjelp til hele familien

- tilrettelagt barnehageplass

- skolegang og leksehjelp og god pedagogisk oppfølging

- planlegging av veien videre