Takk Malakoff Rockfestival for nok ein fantastisk festival der vi får servert artistar i verdsklasse. Men som dei lokalpatriotar vi er så må vi trekke fram våre eigne Vilde og Anna som samla eit fullstappa parkanlegg, der vi observerte mange vaksne som grein av glede og stoltheit over jentene våre. Men opp i alt det positive har festivalen også negative sider.

Kjære foreldre – ta meir ansvar. La festivalen vere ein flott arena for ungdommen. Når artistar som Alan Walker og Karpe Diem entrar ei festivalscene er det trøkk. Ungar bør ikkje stå fremst på slike konsertar, i alle fall ikkje utan vaksne som kan stå beskyttande ved dei. Ein vert skvisa inntil gjerdet. Vaktene hadde sitt å stri med for å passe på, og løfte over mange unge som svima av eller ikkje klarte å stå imot ei stor masse som hoppar, dansar og pressar på bakfrå.

Kjære foreldre – la festivalen vere ungdommen sin festival. Malakoff er ikkje tidspunktet for å bli drita på alkoholområdet, medan ungen din på 13–14 år står på andre sida og på hanskast med ei stor festivalgruppe som pressar på. Foreldre bør vente med festinga si til ein annan gong, og ikkje på ein festival der alle veit det er fullt av barn og vaksne. Ver eit førebilde, og ver heller saman med eller i nærleiken om 13-14-åringen din treng deg. La barn og unge sleppe og sjå mamma og pappa full på ein festival der alle vennane deira ser det same.

Det er fleire eidarar som ikkje set sin fot på Malakoff under festivalen. Kanskje dei skulle det, for å passe på sine unge håpefulle på festivalcampen. Festivalen har rockeprest på området, nettopp fordi det er nokon som er lei seg når så mange andre rundt deg er så glade og feststemte. Kanskje treng dei fleire vaksne å snakke med?