Å vere kritisk og å vere negativ er sjølvsagt ikkje synonymt, og det er viktig å hugse på. For no skal eg vere kritisk, noko som i Eid lett blir oppfatta som negativisme.

Eid må i framtida avstå frå å kalle seg Strandstaden, og kan med fordel slutte umiddelbart. Fjordutsikta som har kjenneteikna heile vestre del av sentrum er snart redusert til eit lite strekk med utsyn i sørenden av Sjøgata og det ein ser frå (den flotte) Sagaparken.

Misser særpreget

Eg les i Fjordabladet at den mildt sagt lite flatterande blokka som er komen opp midt i fjordutsynet er den første av heile tre slike blokker. Som om ikkje ei av desse var malplassert nok saman med kjøpesenteret som sperrar sjøsida ute. Eid gjer no same tabben som mange små fjordtettstader har gjort før: tettar til mot fjorden i ein slik grad at staden misser særpreget heilt og vert meir og meir lik alle andre bygdebyar opp og ned langs kysten. I tillegg får Biltema no hurtigetablere seg vegg i vegg, med fleire tusen rutemeter, midt i det einaste området Eid no har att som kan kallast "indrefilet" - dersom ein ser vekk frå Eidsgata.

Eid sine to unike kvalitetar

Eid har nemleg i hovudsak to kvalitetar å by tilreisande som leitar etter noko unikt; Eidsgata og panoramautsikta ut fjorden. Det meste anna finn ein på alle andre tettstader.

Gata har allereie misst butikkar/handel/kundegrunnlag til kjøpesenterbygga og er bortimot livlaus på ein vanleg dag - kjøpesenterbygga som av ein uforklarleg grunn får lov å stele fjordutsikta med grelle betongbygg og heilkommersielle fasader, og med det tek med seg ein av sentrum sine framste kvalitetar. Det er ekstra trasig fordi desse bygga allereie har stole mange av kundane som før gjorde handelen sin i Eidsgata, den andre kvaliteten Eid var åleine om å ha.

Slik står Eid igjen med færre kvalitetar enn bygda med enkle regulatoriske grep kunne hatt. Misser særpreget. Svekkar identiteten. Slepper taket på strandstaden. Mantraet frå offisielt hald ser ut til å vere handel framfor alt, jfr. ordføraren sine Facebook-innlegg og –kommentarar i samband med at Biltema si etablering vart offentleggjort.

Urealistisk vås om miljø

Eg må understreke at eg er ikkje i mot Biltema si etablering. Mi røyst og andre liknande røyster snakkar berre mot plasseringa, midt i fjordutsynet og kloss opp i Sagastad. Ordføraren kontra raskt slike røyster på Facebook ved offentleggjeringa, ved å skrive noko i retning av at grunna miljøhensyn må Biltema ligge nær dei andre butikkane så kundane slepp å bruke bil. Det er urealistisk vås! Eg har Biltema i nærleiken av der eg bur i dag. Om eg seier at godt over 99% av kundane deira køyrer til døra der trur eg ikkje at eg overdriv i det heile teke. Biltema sitt vareutval og handelsforma deira innbyr rett og slett ikkje til fotgjengeri.

Miljøargumentet fell også på steingrunn fordi Eid frå offisielt hald er meint å skulle bli handelssentrumet i Nordfjord. Fleirtalet som kjem frå Måløy, Stryn, Bremanger, Gloppen osb. for å handle på Eid køyrer sjølvsagt bil hit. Det vil dei også halde fram med i overskueleg framtid. Noko anna er heilt urealistisk å sjå for seg. Men når dei først har køyrt fleire mil heilt til Eid for å handle skal dei altså parkere og gå til fots for å spare miljøet medan dei er i bygda? Og difor kan ikkje Biltema plasserast litt utanfor tettaste sentrum? Dette fell sjølvsagt på si eiga urimelegheit!

Eit anna aspekt er at ein stor del av all varehandelen som tydelegvis skal bli den nye oljen for Eid, skjer i den øvste delen av behovspyramiden - det vil seie luksusvarer som vi kunne klart oss med mindre av, heller enn meir. Laga i Asia og frakta verda rundt til kjøpesenter på Eid. På godt norsk: "kjøp meir drit!". Det er nemleg ikkje mjøl og smør folk køyrer fjorden rundt for å kjøpe. Det er kapitalvarer, brunevarer, kle, forbrukarelektronikk. Når kommunen satsar på auka handel av slike varer til resten av Nordfjord er det alt anna enn berekraftig, og har ingenting med miljøtenking å gjere. Men likevel er det er altså slik at gangavstand til varene brått er det som har blitt viktig, forstå det den som kan. Om miljøet var det viktige her, burde ordføraren tenkt omvendt og jobba for å redusere handelen og dermed forbruket vårt.

Svekkar Eid på sikt

Sentrumsfortettinga mot vest kombinert med forventningane om handel som skal vekse inn i himmelen berre fleire av dei store nasjonale kjedene kjem til Eid, er til alt overmål urealistisk ambisiøst og uheldig for den langsiktige styrkinga av Eid – fordi dette vil kunne svekke lokalt eigarskap og lokal verdiskaping over tid. Korleis kan eg hevde det? Vel, sidan fargerike skisser er i vinden på Eid (dette kjem eg tilbake til) kan eg fargelegge påstanden med eit døme:

I dag er vi heldige og har MEKK på Eid, i austre del av sentrum. Ein god butikk med bra utval. Ei fin motvekt til tyngdepunktet av handel som har poppa opp i strandsona i vest. Og med lokalt eigarskap. (For ordens skuld kjenner eg Heimsæter-folket som står bak butikken, og det kjennskapet har ingenting med dette innlegget å gjere.)

MEKK vil sjølvsagt merke etableringa til Biltema økonomisk. Det vert garantert trongare å drive den butikken med Biltema på plass i det fortetta handelsmekkaet nede ved fjorden. Vi får håpe det ikkje går ut over driftsgrunnlaget, men at MEKK kan bestå. For dersom lokale eigarar med sine lokale butikkar og lokalt tente pengar som går tilbake i lokalsamfunnet, vert fortrengde til fordel for nasjonalt eigde kjeder som sentraliserer overskotet inn på ein konto med forretningsadresse Oslo - då har Eid ikkje vunne ein Biltema, men i staden berre tapt ein MEKK. Dømet kan så klart også overførast til andre bransjar i Eid.

Kven ringjer eg for kjapt byggjeløyve?

Forøvrig er det betenkjeleg at Biltema får ekspedert søknadsprosessen sin under påskot av å måtte setje spaden i jorda før 1. august for å ville gjennomføre etableringa (etter kva eg blir fortald). Det betyr at deler av handsamingsperioden ligg midt i fellesferien, slik at tida som er til rådvelde for reell sakshandsaming vert korta ytterlegare inn. Det er i slike situasjonar dei folkevalde bør ta nokre ekstra djupe andedrag, tenkje seg godt om, og hugse på at den avgjerda dei no tek skal forme sentrum av kommunen i fleire generasjonar framover. Skal eit så viktig spørsmål verkeleg avgjerast i all hast midt på sommaren berre fordi utbyggjar krev det? I så fall vil eg gjerne vite kven i kommunen eg kan henvende meg til, dersom eg skal levere byggjesøknad og ønskjer å kome først i handsamingskøen for å få den godkjend så raskt som råd. Her gjeld det med andre ord for kommunen å skunde seg langsamt, helst stoppe opp, og tenkje over dei langsiktige konsekvensane av avgjerda si før det er for seint.

- Ein Sagastad-billett og eit oljefilter, takk

Så er det altså Sagastad, som blir eit fantastisk vikingsenter av internasjonalt format. Sagastad hadde fortent å ha eit verdig rom rundt seg, noko det også får på nordsida mot Sagaparken. Sørenden grensar derimot inn til eit kommersielt mareritt som ikkje på nokon måte høyrer heime i nærleiken av det som kan/skal bli bygda sin nye, store attraksjon.

Det verkar som kommunestyret har ei Jekyll/Hyde-tilnærming til strandsonearealet, og ikkje klarar å bestemme seg for om det er ein cruisedestinasjon eller eit handelssentrum dei vil utvikle. Potensialet for å bli ein vellukka cruisedestinasjon kjem nok saktens med Sagastad si ferdigstilling, men det lar seg vanskeleg kombinere med kjøpesenterkommersialisme og bildele-sal rett ved inngangsdøra til "langhuset" med verdas største vikingskipfunn som blir heilt unikt i global målestokk.

Skuslar vekk det unike

Og det er altså her vi er i ferd med å skusle vekk det som kunne vore eit eksepsjonelt og særprega tilbod! Sagastad, Eid sin nye, tredje unike kvalitet - tillegget til Eidsgata og fjordutsikta - som kunne revitalisert Eid som attraksjon (og forhåpentlegvis gjer det på trass av nabolaget). Eg mistenkjer at dei folkevalde ikkje har skjønt kor stort Sagastad kan bli om ein forvaltar opplevingssenteret og området rundt på rett vis. Eller kor svekka utbytet av Sagastad kan bli for Eid dersom det får bustadblokker og Biltema klemt heilt opp i veggane, så opplevinga for dei besøkande blir langt dårlegare. For som Fjordabladet skriv om området, som om dette var noko positivt: det "FYLLAST OPP".

Selde sjela for knappar, glansbilete og polervoks

Ein ting er sikkert: den verdige ramma Sagastad såg ut til å få på dei fargeglade prospekta der vikingsenteret var omgitt av grønt gras og friareal i flotte illustrasjonar, finst ikkje lenger. Den ramma fekk nemleg sjela si seld til ein biltilbehørskjede og tre svære blokker. Ikkje eingong Biltema sin beste polervoks kan glatte ut denne blemma.

Vi kan altså slå ettertrykkeleg fast at identitetskrisa dessverre er eit faktum i kommunen. Orsak, Strandstaden Eid - heretter berre Eid. Du og dine framtidige generasjonar tapte for kortsynt pengemakt.

(For ordens skuld: eg har tidlegare støtta Sagastad med kjøp av gåvebrev, to naglar og eit skjold, med samla verdi på rett under kr 15.000,- om eg hugsar rett. Dette er ein redigert versjon av eit innlegg som først vart publisert på Facebook, og som vart sendt til Fjordabladet etter utallige oppmodingar frå andre Eidarar.)