Nordfjordingane bør bruke tingretten i Volda, meiner Kristeleg Folkeparti i Volda. Den tidlegare ordføraren i nabokommunen vår lovar full støtte mot sniknedlegging av Søre Sunnmøre tingrett, og meiner at nordfjordingane skal vere redninga.

KrF på vår side av fylkesgrensa er heilt usamde. Dei ser det som heilt uaktuelt å utvide domstolsgrensene.

Sogn og Fjordane Tingrett har i dag eit opplegg med rettslokale på Nordfjordeid. Vi er samd med KrF her om at det er viktig at vi held oppe dette tilbodet i Nordfjord. Det handlar om at nordfjordingane sjølve har nærleik til tingretten, og at ein ikkje svekkjer grunnlaget for domstolane i Sogn og Fjordane. Vi er einig med Svein Ottar Sandal når han i Fjordabladet uttalar at det er viktig at vi held på det vi har, slik at det ikkje forvitrar og smuldrar bort.

Men det er ikkje første gang at det politiske miljøet på Søre Sunnmøre vil ha tak i nordfjordingane for å redde sitt eige. Det har skjedd før både når det gjeld sjukehus og jordskifterett. Nordfjordingane er tydelegvis populære når det er noko som skal reddast på sunnmørssida.

Men det blir feil at andre må betale prisen for at det skal haldast oppe i Volda. Kvifor ta bort det som fungerer i dag i Nordfjord? Det er vel inga god løysing for nordfjordingane å skulle få endå lenger veg til saker og ting?

Vi er samd med KrF-Sandal om at det ikkje kjem noko godt ut av at nokon prøver å kare til seg ting for å hegne om sitt eige.