Vi likar når noko skjer, og vi registrerer at det er vi ikkje åleine om. Før helga vart den første Nordfjord-skulpturen avduka i Sagaparken. Å ta selfie-bilde er populært, og no har vi fått vårt nye selfie-punkt der det bokstaveleg står Nordfjord. Dette blir gromt også for våre amerikanske slektningar eller tyske bubilturistar når dei skal vise verda kvar ein har vore. Nordfjord så klart.

Dette er ein del av merkevarebygginga kring Nordfjord som ein samla turistdestinasjon. Ein logo og ein skulptur som knyter Nordfjord saman. Tanken er at fleire slike punkt skal plasserast rundt omkring i heile Nordfjord. Og i Sagaparken før helga møtte mange små og store opp for å få med seg det nye selfie-punktet, og kanskje få tatt ein selfie med våre eigne MGP-juniorvinnarar Vilde og Anna.

Tjukt av folk var det også i Eidsgata då den nyrestaurerte Badstupladsen blei offisielt opna i helga. Her vart det opning med historisk sus. Mange i den eldre generasjonen har gode minner frå den gong dei tok helgebadet saman med familien sin i Badehuset her.

Gode minner vart det også laurdag. At ei markering av ein offentleg plass og toalett får så stor merksemd er kanskje uvanleg, men i Eid likar vi å samlast og markere det vi kan.

Og endeleg skal sentrum få sitt første offisielle toalett, sjølv om ein må vente endå litt før det står heilt ferdig. Men dei tilreisande og lokalinnbyggjarane som har vore innom strandstaden har gjennom mange tiår opplevd det som eit stort problem at det ikkje har vore noko offentleg toalett når nøda er som størst. Det blir det no ei ordning på, i tillegg til at det er sett opp ei midlertidig vogn ved Sagaparken.

Så kan vi glede oss til nye opplevingar som står i kø komande vekene på Nordfjordeid, med Eid Gatematfestival og Malakoff Rockfestival – som igjen vil samle mykje folk på strandstaden.