«Er det rett at ein med snitt over 5 ikkje får plass, når andre under 5 får plass på vidaregåande skule? Er det rett at nokon faktisk går etter ansikt?»

Martin Luther King hadde ein gong ein draum - eg med mange andre har også ein draum.

No i desse tider er det inntak på vidaregåande skular over heile landet, og alle har eit fyrsteval dei drøyme om å komme inn på. Eg veit, som mange andre, at du ikkje alltid kjem inn på fyrstevalet ditt. Det kan hende linja ikkje har plass til fleire, eller kanskje snittet ditt er litt for lavt? Ein ting ingen får vete noko om er forskjellsbehandlinga.

Martin Luther King hadde ein gong ein draum om fridom og likestilling for svarte og kvite. Han gjorde draumane sine verkeleg. Min draum er kanskje ikkje av like stor skala, men eg har eit håp om at andre skal opne auga og få den til å bli verkeleg og.

I Noreg har vi likestilling og fridom til å snakke fritt. Eg tar i bruk denne fridommen andre har kjempa for, for å få fram eit nytt problem i samfunnet.

Eg hadde eit fyrsteval på mi søkjerliste. Fyrstevalet mitt var ei fylkeslinje, det vil seie at linja har søkjarar frå alle kantar av fylket du bur i. Eg bur i Sogn og Fjordane og den fylkeslinja eg søkte på var YSK TIP, Måløy. YSK er ei 4-årig linje der du går ut med fagbrev og studiekompetanse. Det er mogleg å ta inn elevar som allereie har kontrakt med ei bedrift. Linja ser ikkje berre på snittet som alle andre linjer, men også etter kontrakter.

Etter mi meining vart ikkje dette informert godt nok om for søkjarane. I 9. Klasse hospiterte eg på YSK HELSE i Måløy. Der fekk eg, saman med resten av hospitantane, eit innblikk i korleis denne linja fungerte. Alle lærarane sa, som mange andre lærarar, at dette er ei sikker linje å velje, om du veit kva du vil i livet, og vil jobbe hardt for å oppnå det.

YSK var samtidig klare på var at som søkjer skulle skulen hjelpe deg å finne ei bedrift med passande læreplass og søkje om læreplassen saman med deg som elev. I mitt tilfelle har skulen søkt læreplass utan å ta kontakt med meg som elev. Spørsmålet her bli då; Er det rett at skulen gjev elevar slik informasjon og på same tid tar inn andre elevar som ikkje har jobba like hardt for å få eit så høgt snitt, som heller har knytt seg til bedriftene og ikkje til skulen?

Martin Luther King kjempa for barna sine, så dei skulle få gå rundt utan å få stygge blikk frå kvite. I tillegg skulle få sitte på ein kvit buss, utan å komme i fengsel for det. Han kjempa for at svarte og kvite skulle kunne gå på same skule og få same jobbar som vaksne.

Eg kjempar ikkje berre for meg sjølv, men også for andre elevar og dei elevane som kjem etter oss. Eg kjempar med like metodar som Mahatma Gandhi og Martin Luther King, ikkje gjennom vold men gjennom ord.

Martin Luther King fekk fram sine meiningar og draumar gjennom ein tale frå trappene på Lincolnmonumentet under marsjen til Washington. Rundt 200 000 menneske høyrde tala. Eg trur ikkje halvparten av det talet nokon gong kjem til å lese denne teksten, men det er eit tal å strekkje seg etter.

Eg er ein elev som tener pengar og sparar for å bu vekke og gå på vidaregåande skule, dermed har eg ikkje råd til å reise til hovudstaden for å fortelje om mine meiningar og draumar. Det er kanskje like greitt. Eg legg heller ut dette i media i den tru at både kjente, ukjente, familie og venar tar seg tid til å lese teksten. Kanskje eg til og med klarar å opne auga til nokon, fordi dette er ikkje rettferdig!

Kjære framtidige elevar. Når dykk søkjer på ei linje, høyr med linja og ta kontakt, vær ops på krav og gjer det eg ikkje gjorde. Eg tok ikkje kontakt med bedrifter i den tru at skulen skulle hjelpe meg med dette og involvere meg meir før inntak kom for ein dag 5.7.17.