For heile Sogn og Fjordane er det snakk om 64 millionar i tilskotskroner og 185 millionar i lån til næringslivet. Direktør Halvor Flatland meiner dette vitnar om optimisme og høg aktivitet. Vi er ikkje usamde i det.

Det vi stussar litt på er den store skeivfordelinga. I Selje får dei til saman 62,75 millionar kroner, Bremanger 26,275 millionar kroner, Stryn 22,735 millionar kroner, Gloppen 15,58 millionar kroner, Vågsøy 14,4 millionar kroner, og langt nede på statistikken – Eid med skarve 2,72 millionar kroner. Det er faktisk 60 millionar kroner mindre enn til næringslivet i Selje.

Løyvingane frå Innovasjon Norge tyder på eit verkemiddelsystem som er bra, som ein også må nytte.

Er det slik at næringslivet i Eid klarer seg sjølv? Eller veit dei ikkje korleis det skal søkjast? Har dei gode nok rettleiarar? Og korleis fungerer Nordfjord Vekst opp i dette?

Er det slik at det er eit trongt nålauge for å kome igjennom i søknadsbunken til Innovasjon Norge, så må ein ha skikkeleg god hjelp for å ta stega inn i hjelpemiddelapparatet.

Innovasjon Norge går gjerne for spissa tilbod. Du må ha gode og gjennomarbeidde arbeidsplanar. Nokon slår seg sikkert til ro med å få 50.000 kroner frå det kommunale næringsfondet, men her er pengar å hente også for næringslivet i Eid.

Samtidig ser vi at det er nokon som er svært proffe på å få ut kroner. Mange av dei har mange millionar på bok allereie. Andre treng litt betre hjelp, og veit heller ikkje heilt kvar støtteapparatet er.

Det må ikkje vere slik at næringslivet i Eid må stå med lua i handa, med hovudet fullt av idear dei ikkje får sett ut i livet fordi dei manglar pengar.