Dei fleste av oss er vel frå tid til annan turistar både i eige land og utenlands. Kva er det som dreg folk og kva bør ein satse på? Dette kan det vere skilde meiningar om. Også om positive og negative verknader av masseturismen.

I nemnde artikel om «Fjordane som trekkplaster" vart det lagt stor vekt på muligheiten av å «fly turistar hit frå Bergen - cruiship + innenriksfly skulle vere det nye konceptet. Turistane skulle få to dager på seg å oppleve regionen - her må allt gå fort føre seg! Widerø melder at dei kan fylle fem fly dagleg berre med cruiseturistar frå skipa i Bergen og til Sandane Lufthamn. Det er, sies det vidare ,"ein enorm vekst av passasjerar til Oslo lufthamn og litt av oppgåva er å bringe desse vidare ut i distrikta". Med ein slik "utvikling" - kor går det da med Parisavtalen av 2015 - når vi veit at flytrafikken er nokon av den verste klimasyndaren vi har? Ein «ekvasjon» som vanskeleg lar seg løyse. Las ein stad at Norge har ca 4 ganger så mange innenriksflyturar per pers som Sverige. Kvifor ikkje heller satse på tåg / buss for å frakte turistar ut til kysten? Da kan dei også få tid til å sjå og oppleve litt av landskapet dei ferdast gjennom. Tenk berre på den fantastiske Bergensbanen og Hurtigruten! Du kan reise i eit roligare tempo og dermed få oppleve meir under noko lenger tid! Kanskje også få tid til nokre vandreturar underveis!

Vi må prøve å sjå den djupare meininga med turisme og reiseliv: at menneske skal få anledning å sjå den fantastiske naturen vi har rundt oss, oppleve det landet dei reiser til med alle sinnen og få opplevelser og minnen for livet - som gjør oss ydmyke innfor skønnheten og det umistelege vi har å verne om på denne jord - også som medmennesker å ta vare på kvarandre. Ikkje berre som kommersielle «melkedyr»!