Bebuarane i nærleiken av Skipenes bru på Nordfjordeid er skuffa og sinte over brusikringa som no er gjort. Dei meiner at brua no har blitt farleg, at Statens vegvesen ikkje har tenkt på dei mjuke trafikantane, og at dette er styggaste kryssinga i Eid sentrum.

Vi forstår frustrasjonen. Her er smal passasje, og det er skummelt enten ein kjem med barnevogn eller joggar. Naboane meiner vegvesenet ikkje har tenkt på dei i det heile.

Det positive er at vegvesenet ser problemet. Dei forstår at dette er ein alvorleg situasjon for folk som bur i nærleiken. Ei ny bru er løysinga, og vegvesenet set truleg i gang planlegging i haust. Brua er meldt inn til Nasjonal Transportplan, men det er politiske prosessar som må utførast. Midlar skal på plass.

Nokon andre som ventar er bygdefolket på Stårheim. I over 30 år har dei kjempa. Dei ønskjer å kople bygda meir saman med ein gang- og sykkelveg, og få det tryggare for dei mjuke trafikantane. Det er veldig på tide, seier Kathrine Kvalheim Osnes frå bygdelaget i avisa i dag.

Ho bur 200 meter frå Stårheim stadion, men må køyre ungane til trening. Det er for farleg å sende dei langs ein trafikkert riksveg der fartsgrensa er 80 km/t. Ho er ikkje åleine. Langs alle husa ved riksvegen på Stårheim bur det folk i dag. Det er ikkje enkelt eller trafikksikkert for dei å vere mjuke trafikantar. Det er uhaldbart å ha vegen gjennom bygda utan at det er tilrettelagt for mjuke trafikantar.

Vi forstår at bygdefolket vil at Eid kommune gjer det dei kan for å få denne gang- og sykkelvegen prioritert opp i systemet. Saka må haldast varm. I samband med valkampen i august for to år sidan fekk bygdelaget alle politiske parti til å sykle langs riksveg 15 frå Tømmerkaia på Naustdal til Stråheimsbygda.

Dette kjente politikarane på kroppen. Dei forstod veldig godt Stårheim sitt ønskje om å få gang- og sykkelveg. No har det gått ytterlegare to år. Det må bli leveleg for bygda – i kommunen som tek mål av seg å vere ei sykkelkommune.