Men er det klokt?

I våre dagar er det så viktig å vere synlege, kome fram i media, vere kjende. Eid er eit namn som er brukt over heile landet, som stadnamn mest i kombinasjon med andre. Å gjere Eid som kommune kjend er nesten umogeleg. Der i mot veit nesten alle i heile landet kvar Stryn er, men så er dei vel også åleine om det namnet. Eg er lei av å måtte forklare kvar eg bur med å seie at «Det er ikkje så langt frå Stryn, nabokommunen faktisk» eller «Det er mellom Måløy og Stryn», osv. Eid er eit godt, men anonymt namn.

I den nye kommunen vert Eid likevel det viktigaste stadnamnet, men då brukt slik det vert brukt no, om tettstaden Eid. Ingen i Nordfjord, anten det er i ytre eller indre, er i tvil når ein seier at ein skal på Eid, ut på Eid eller inn på Eid. Eid kjem til å vere den største og viktigaste samlingsstaden i den nye kommunen, og kanskje i heile Nordfjord.

Sjølv har eg stor sans for Selja som kommunenamn. Selja og klosteret var i si tid ein viktig stad, ein fann ikkje nokon viktigare og mektigare stad på leia sørover før ein kom til Bergen. Men det aller viktigaste i denne samanheng er nok at namnet er unikt.

Elles har eg tru på den nye kommunen. Vi utfyller kvarandre. Dessutan skal ein leite lenge før ein finn ein kommune som både har kloster og opera!