Det har kravt mot og framtidsvisjon frå mange kommunepolitikarar for å slå saman kommunen sin med ein eller fleire andre. Dei fortener ros, men dei fortener og noko meir. Difor er eg glad for at desse modige kommunane no har fått ei ekstra gåvepakke frå Venstre, regjeringspartia og KrF. Gåva var i revidert nasjonalbudsjett og var på 15 millionar kronar. Midlane er øyremerka til eit sårt trengt kompetanseløft i omsorgssektoren til dei kommunane som slår seg saman.

Kommunal helseteneste har dyktige og flinke folk i heile landet. Diverre har vi enno ikkje investert nok i dei som tar hand om våre foreldre, born, ektefellar og sysken. Oppgåva den kommunale omsorgstenesta utførar vert meir og meir omfattande og komplisert. Alt frå kreftdiagnosar til rusomsorg og behandling av alvorlege psykiske lidingar. Eit av argumenta for kommunereforma var nettopp at større kommunar ville ha større fagmiljø og betre føresetnadar for å løyse desse utfordringane. Vi veit at det vil bli ei utfordring å fusjonere helsetenestar i dei nye kommunane. Difor har eg og Venstre kjempa for at dei skal få ei ekstrastønad til eit kompetanseløft for omsorgsmedarbeidarar.

Venstre er eit kunnskapsparti. Vi er på lag med på framtida. For meg har det difor vore viktig å gi den dyktige omsorgsarbeidaren det kompetanseløftet han eller ho fortener. Slik at dei kan ta enno betre vare på våre foreldre, born, ektefeller og søsken. Takka vere eit helsetilbod i verdsklasse lever nordmenn lenger og lenger. Difor lønar det seg alltid å investere i dei som skal ta hand om oss alle i det vi blir eldre.