Torsdag 8/6-17 var ein historisk dag. Dette vart proklamert i pompøse ordelag frå talarstolen på Stortinget frå ei rekkje blå-blå representantar. Samstundes runga gjentakingar av kommunalminister Sanner sitt trugsmål frå heile hans utmattande reformmareritt: "Dette går ikkje over". Energiske nikk frå statsrådssetet stadfesta kva som ventar dersom han får halda på taburetten. Denne gong vart berre et knippe tilsynelatande heilt tilfeldig utvalde kommunar råka, men signala var ikkje til å misforstå. Ingen lokalsamfunn skal kunne kjenna seg trygge for å lida same lagnad, og ministeren smilte breiare for kvart vedtak som vart fatta i tråd med hans tvangstankar.

I seiersrusen raljerar dei over opposisjonen sitt ynskje om å reversera, eit fy-ord i Sanner & Co. sitt vokabular, men kven er det eigentleg som vil skru klokka attende? Den sentraliserande stormannsgalskapen driv oss jo mot tida før 1837 då vi fekk Formannskapslova som ein protest mot embetsmannsveldet, den forhatte arven frå dansketida. Eit knapt stortingsfleirtal har no tatt oss eit sjumilssteg den vegen, frå folkestyre mot elitestyre.

Denne reformprosessen riv opp eller strør salt i sår etter Schei-komitéen og opnar for fri utfalding av ymse destruktive krefter, politiske motsetnader, maktkamp, lokaliserings- person- og bygdestrid. Historielaust vert det framstilt som om grepet for drygt femti år sidan, fort gjekk seg til og berre var til gagn for nasjonen. Sanninga er at det skapte stor splid og stogga infrastrukturtiltak, velstandsutvikling og samfunnsbyggjing i mange lokalsamfunn. Så mislykka var nokre tvangsekteskap at skilsmisse verka å vera einaste utveg. Styresmaktene sette difor i 1971 ned det sokalla Tallaksen-utvalet. Nålauget var særs trangt, men 21 kommunar var involvert i delingane som vart fullført i 1977. Tenk om noverande Stortingsfleirtal kunne basera vedtak på slike røynsler! Dei sjølvstendige har nemleg klart seg uendeleg mykje betre enn stemoderleg handsama utkantar i storkommunar. Kall det gjerne reversering, men den var i Formannskapslova si ånd og i tråd med intensjonen om lokal sjølråderett!

Retorisk vert reformmotstandarar spurde om dei vil attende til inndelinga før Schei? Det er vanskeleg å sjå for seg, ofte grunna verknadene av nettopp den prosessen. Mange eks-kommunar er utan basistenester, og studiar av eksisterande kontra forhenverande kommunesentra stadfestar at sentralisering av makt også fører til ein ubønnhørleg sentralisering av aktivitet. Dei som teiknar kart på eit kontor i Oslo, bryr seg ikkje om det og fremjar samenslåing som løysinga på eitkvart problem. Deira sesam-sesam for til dømes full lækjardekning vert jo rett når permanent stengde lækjarkontor lik stupande folketal og anna elende ikkje lenger vert avslørt av finmaska kommunestatistikk

Buvik- og Christiansen-utvala fylgde på hhv 80- og 90-talet før Erna som kommunalminister 2001-05 med magert resultat arbeidde hardt for samanslåingar. Strukturdebattane har altså ridd oss som ei repetisjonsøving i kvart av dei siste seks tiåra med klimaks under sitjande regjering. Ein fellesnevnar er korleis dommedagsprofetiane over dei små som heldt fram som sjølstendige kommunar, er gjort til skamme. Kor nøgd folk er med tenestene er jo faktisk omvendt proposjonal med kommunestorleiken, og sjølv Sanner har forlate økonomi som argument for samanslåingar.

"Det kan ikkje gå 50 år til neste reform. Fylkes- og kommunestrukturen lyt vera dynamisk", vart det sagt på Løvebakken. Skal vi verkeleg ha flytande grenser her i landet? Framdrift og innovasjon lyt ein ha i samfunnet, men stabilitet er også ein viktig suksessfaktor. No vert åtak på sistnemnde nytta som føresetnad for å få til dei ro andre. Strukturendring kan vera ein særs synleg, men ofte akk så lite samfunnstenleg måte å syna handlekraft på. Evna til å finna gode løysingar og driva samfunnsbygging kan forsvinna der ein overdreven endringskultur rår. I staden for å ta tak i sjølve problemet tyr ein heller til strukturendring i seg sjøl som løysing. Slik sett er den blå-blå regjeringstida vorten fire tapte år, og dei vil altså halda fram i same spor.

Uroa etter ny tvang under Buvik-runden førte til at Christiansen vart lagd i skuffen, og i 1995 fatta Stortinget det sokalla Friviljugsvedtaket. Jan Petersen, dåverande Høgre-leiar, var ein pådrivar for at endringar i kommunestrukturen ikkje skal gjerast der kommunestyret eller innbyggjarane i ei folkerøysting går imot. For kommunalminister Erna vart nok det ein særs brysam regel. Sanner har opptrådt som om den aldri eksisterte. Noreg derimot har levd godt med den. Samstundes som vi har klart å oppretthalda eit relativ desentralisert samfunn, og kan hende nettopp difor, toppar vi ei rekke internasjonale kåringar.

Denne samanhengen ser ikkje regjeringa: Distrikta og primærnæringane er reine utgiftsposter for samfunnet. Det er det urbane Noreg som er produktivt. På sin nylege tur nordover var statsministeren korkje i tvangsråka Bindal eller Torsken og sneik seg forbi nedleggingstruga Andøya. Under vitjinga i Bodø fastslo ho at framtida ligg i byane. Hennar side ser rett og slett ikkje verdien i at det bur folk i skogstraktene mot svenskegrensa, på Utsira, i dalstroka innafor, på Leka, i indre Troms eller på Finnmarkskysten.

Alt skal visst verta samanslegen i det blå-blå Noreg, universitet og høgskuler, politi- og lensmannsdistrikt, NAV- og skattekontor, sjukehus og kommunar. På toppen kjem hasteprosessen rundt fylkesstrukturen. Utan ordentleg utgreiing og sedvanlege høyringsrunder verd den gjennomført med rekordlåg entusiasme og utan truverdig grunngjeving.

Kommune- og fylkesinndeling bør ikkje nødvendigvis vera hogd i stein, men eventuelle endringar lyt koma etter ynskje nedenfrå, etter ei mogningstid og når det rår brei semje om saka. Historia syner at toppstyrte heseblesande prestisjeprosjekt som vi no ser, leiar til eit himla spetakkel og dårleg resultat. Eit maktskifte til hausten er turvande for å unngå det og få Noreg or tvangstrøya.

Per Gunnar Stensvaag er Stortingskandidat for Senterpartiet.