Tankar om det som hende i Selje  kommunestyremøte den 9.mai.2017.

Det er nok ein gong Årsheimstranda fv.620 det gjeld.

Møteboka av same dato. Handsaming: Framlegg frå ordførar, foreslått av Stein Robert Osdal, Kristeleg folkeparti. Sak vedrørande regulering av fv.620-Årsheimstranda vert sett opp som ny sak i formannskapet 15.juni og kommunestyret 22.juni. Framlegget frå ordførar fekk 17 røyster for. Samrøystes.

Dette var vel og bra, og det var på tide. Men er det heile sanninga? Det som hende forut for denne avstemminga det var slett ikkje bra. Men det er på nytt eit klassisk eksempel på og korleis ein kan trenere ei sak, og etterpå prøve å ta æra for eit samrøystes vedtak.

Sanninga er at også denne saka har lege i ”dvale” lenge nok til at representanten Anfinn Sjåstad leiar og gruppeleiar i Selje FrP ville fremje dette

som ekstra sak. Dette vart fremja i starten av kommunestyremøte den 9.mai . Dette sette ordføraren seg imot, han ville ikkje ta opp saka. Anfinn Sjåstad kravde då at dette skulle kommunestyre stemme over. Ved avstemming vart det som ved andre høve eit samrøystes kommunestyre som gjekk i mot ordførar, kommunestyret ville ha opp saka i møte.

I møteboka under Merknad til innkallinga og saklista:

Kommunestyret vedtok samrøystes at ny sak: Reguleringsplan fv.620-Årsheimstranda skulle takast inn på saks nr. 037/17.

Ynskje om at administrasjonen utreder sak om kommunal finanisert reguleringsplan av fv.620 til neste møte.

Eg ser med spenning fram til dette møte den 22. juni og kva slags føringar som no vert lagde til grunn for å trenere saka endå meir.

Ein ting er kva ein pratar  og pratar om, ein heilt annan ting er kva som vert utført for prosjektet i praksis .

Viser her til at adm. går inn for å lagre masser frå skipstunnelen i Kjøde for så og laste opp massane på nytt til bruk på Årsheimstranda.

Endå verre er ein E-post frå ordføraren den 5.desember 2016 til formannskapet, Anfinn Sjåstad og Gunnar Silden.

Selje kommune ved rådmann og ordførar hadde i dag eit møte med fylkeskommunen og Statens Vegvesen angåande Fv620 Årsheimstranda.

Konklusjonen på møtet var i 9 punkt. Det vert for langt og ta med i denne samanheng. Saka kan lesast. Men enkelte sitat må med: Punkt 1. Eit heilt prosjekt med gul midtstripe frå Kjøde til Sandvik er så stort prosjekt at det ikkje er realistisk å få til på mange år. Punkt 6. Fylkeskommunen var heilt klar på at ein reguleringsplan på nåverande tidspunkt er uaktuelt og bare bortkasta pengar. Punkt 7.Selje kommune vil ikkje ha nokon kostnadar med utarbeiding. Dette tar Statens Vegvesen og fylkeskommunen seg av. Punkt 8. Å bruke tunnelmassene frå skipstunnelen til utbetring av FV 620 er ikkje ein aktuell problemstilling. Statens Vegvesen treng ikkje desse massane til verken utbetring eller utviding. Nei her skal dei satse på å hogge vekk skog for betre sikt og opparbeide møteplassar.

Som du roper i skogen får du svar, heiter det. Dette passer nok fint inn i planane til dei som helst såg at det ikkje vart utvikling på nordsida.(sett på spissen). At Statens Vegvesen ikkje har bruk for masser er ikkje nytt, dette har ein mange døme på. Det nærmaste var bruken av massane ved utviding av vegen i Kjødepollen, der tusenvis av m3 fjell vart kjørt inn til kraftstasjonen og tildekt av jord. No skal det same gjenta seg, men denne gongen snakkar vi om ein million m3 fjell og kanskje meir enn det frå skipstunnelen.

Og det same gjentar seg på nytt og det blir dei same orda som vert nytta når den tid kjem, vi har ikkje planar. Ikkje rart, det trengs då lengre tid å lage planane enn å lage vegen. Ein veg som stort sett skal fylje den gamle vegtrasen.

Nei no er tida komen for at vi som set i kommunestyret den 22.juni frå nordsida på Stadt kan stå samla. VI vil ha veg med gul midtstripe frå Kjøde til Sandvik. Kommunen tek kostnadane med reguleringsplanen. Det er småpengar det er snakk om i den store samanhengen. Få orden på denne vegstubben, det skuldar vi næringslivet som vil utvikle seg positivt vidare og skape trygge arbeidsplassar. Ikkje minst alle dei som bur her og som har tru på framtida. Det var dei som valde oss inn for å gjere jobben.

Men som så mange gangar før er det dei som ikkje bur her som veit best, la oss vise at no er det vår tur og at vi både kan og vil.

Når sprengtstein-massane frå takskiva frå skipstunnelen kjem ut, starter bygging av Årsheimstranda. Store entreprenørfirma har sagt at får dei hente massane ved skipstunnelen kan prisen på Årsheimstranda bli halvvert. Korleis kan vi som kommune og samfunnet oversjå ein slik gevinst. No er det tid for handling, for framtida.