Med nye Loen Skylift har Nordfjord fått eit nytt trekkplaster. I helga kom Dronning Sonja til Nordfjord for å opne og kaste glans over det spektakulære gondolanlegget som no har sett dagens lys. Ho uttrykte at vi har så mykje natur i Norge at vi må vere rause med kvarandre, også dele naturen med dei som ikkje kjem seg dit på eiga hand. Det er velkjent at Dronninga er glad i fjella på Vestlandet, og med hjelp av gondolbana fekk ho nok ein gong oppleve postkortmotiv på alle kantar. Kulisser vi alle kan vere stolte av, enten ein kjem frå indre eller ytre Nordfjord.

300 millionar kroner har himmelheisa kosta. Den tek folk 1.011 meter opp i fjellet, og gir eit fantastisk skue over Nordfjord. Den tek deg frå fjord til sky på fem-sju minutt. Kabelbana skal vere open heile året, og gjer fjellet og naturopplevingane tilgjengeleg for alle uansett alder og mobilitet. Frå toppen har ein fantastisk utsikt med fjord og fjell til alle sider og Jostedalsbreen i bakgrunnen. Samtidig er turen med kabelbana ei oppleving i seg sjølv.

Loen Skylift hadde ikkje vorte ein realitet utan lokalt engasjement og det som i starten verka som ein sprø ide. Dei hadde ein draum om at området skal vise igjen både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Det har allereie kome reaksjonar på høge prisar, og at det for ein barnefamilie vil koste ein del for å oppleve himmelheisa. Samtidig er det eit tankekors at vi villig betalar høge billettprisar enten vi drar til eit leikeland eller fornøyelsespark andre stadar i landet eller utlandet. Det er ingen grunn til at nordfjordingane skal stå med hua i handa for å selje opplevingane på billegsal, sjølv om vi skulle ønskje at flest mogleg skal få oppleve den nye gondolbana og naturen Nordfjord har å by på.

Vi er ikkje i tvil om at dette vil bli ein ny turistattraksjon for heile Nordfjord. På same måte som opplevingssenteret Sagastad på Nordfjordeid eller surfing i Hoddevika eller Ervik. I det langstrakte Nordfjord har vi fleire perler vi stolte kan vise fram. Her finn ein dei ville ytterkantane frå hav til brear. No må vi vere flinke å framsnakke kvarandre. Vi skal ikkje berre hegne om «våre eigne», men vise stolt kva heile Nordfjord har å by på. Loen Skylift er ein spennande attraksjon, som vil gjere Nordfjord endå meir spennande som reisemål. Vi har fått ein ny reiselivsmagnet som vil trekkje fleire turistar til Nordfjord, og vi har tru at på at det vil drype på fleire.