Vi er mange som gler oss over at Eid og Selje skal smelte saman til ein ny og spanande fellesskap. I val av kommunevåpen er det viktig å finne eit symbol som veg tungt og har kraft, og som samstundes kan seie noko om kven vi er.

Fjordhesten har kartfesta Eid og gjort kommunen kjend langt vidare enn den jamne eidar er klar over. Mange skandinavar, tyskarar, belgiarar, nederlendarar, amerikanarar og andre utlendingar veit lite om landet vårt, men dei veit kvar Eid ligg – fordi dei er glade i hesten vår. Dei har gjerne òg høyrt om fjordane våre, og vert fascinerte av at hesten og fjordlandskapa høyrer saman, i ein einskap som er vakker, naturleg og mektig. Mange oppdrettarar i Danmark, som produserer langt fleire Fjordhestar enn vi gjer her i opphavslandet, avlar etter følgjande mål: «Øjnene skal være som vandene på højfjeldet en midsommeraften: store, dybe og klare. Halsen skal knejse som en forelsket fjeldgut på vej til sin jente. Manken godt markeret som konturerne af fjeldet mod aftenhimlen. Temperamentet livligt som fossen i tøbrud og alligevel godmodigt.» Syn oss noko vakrare! Desse eigenskapane vert assosierte til våre fossar, våre fjell, vår himmel og våre vatn.

Så også nasjonalt. Norsk Fjordhestsenter og Fjordane Folkehøgskule er unike institusjonar – og ambassadørar for ei merkevare som har større potensial enn vi har fått utteljing for til no.  Ingen norske hesteslag – eller husdyrrasar generelt – har tilsvarande band til eit distrikt som Fjordhesten har til Eid. Noreg har dei beste Fjordhestane i verda, og ingen norsk Fjordhingst vert premiert utan å vitje bygda vår (som elles er velkjend som Fjordhestens Mekka). Når no to skal bli eitt, vert det like fullt historisk feil å vurdere Fjordhesten som Eid sitt særeige. I hundreår etter hundreår, langt bakom manns minne, har Fjordhesten vore Vestlandet og Nordfjord sin hest. Hesten er Fjording, til liks med folket. Han bygde Selje og Stad, og han bygde Eid.

På linje med Eid hadde Selje og Stadlandet sitt eige hesteavlslag, med lagshingstar som til dømes Lykke, Alfar, Knuppen, Tuan – og spisshingsten Stig. Under siste krig vart meir enn 70 Fjordhopper para årleg i Selje og Stadlandet sitt distrikt, og hesteavl var ein naturleg del av fiskarbøndene sin næringsveg. Hesten står ikkje like sterkt i Selje no. Per i dag ligg Eid eit hestehovud føre i så måte. Likevel illustrerer motivet av ein Fjordhest noko sams for begge kommunane si historie – betre enn noko anna motiv kan gjere.

Eitt av dei eldste fotografia vi har av Fjordhesten i distriktet vårt, er teke i 1899. Det har tittelen «Primitiv fjordhest fra Stadt». Og det primitive er ikkje negativt meint i så måte! Det står for noko ekte, genuint, naturleg og tradisjonelt. Hestane ved havet var nøysame. Ofte var beita skrinne, og hestane metta seg på tang og tare i fjøresteinane. Difor vart dei gjerne små av vekst. Fjordingar var dei uansett; kvikke i lynnet, rappe til beins og seige i alt av arbeid – mykje som folket dei tente, og ikkje sveik.

No vil kanskje somme seljeværingar setje St. Sunniva (som budde i kloster) opp mot den stolte, kåte grahingsten i Eid sitt våpen. Det er ingen tvil om at båe dei noverande symbola er vakre og rotekte identitetsmarkørar. Kva med å pare dei saman? For vår del kan Sunniva få vere med i motivet, så sant ho ikkje driv hesten bort. Og er ho for kysk for hingsten, teiknar vi ein vallak.

Frå spøk til alvor: Å degradere Fjordhesten no, vil vere uklokt. La merkevara, identitetsmarkøren og nasjonalikonet vere representert i Eid og Selje sitt kommunevåpen på ein synleg og attkjenneleg måte. Allsidig som han er, kan Fjordhesten stå som sjølvstendig symbol, som hovud på ein båtstamn, som ridehest for ein helgen eller som beitedyr ved eit kloster. For tida blømer historismen i Eid, og nordfjordingane er stolte av historia si – med rette. Mange ønskjer eit kommunevåpen som marknadsfører Sagastad-satsinga og Myklebustskipet, og som seier noko om regionen vår sin posisjon i vikingtida. Skipsmotivet kan òg knyte oss saman med kystkulturen i Selje. Dette er kloke tankar, sjølv om det etter kvart er mange norske distrikt som marknadsfører og identifiserer seg med både båtar og vikingtradisjonar. Denne «nyentusiasmen» bør ikkje skuggelegge heilt unike nisjetradisjonar som framleis lever. I så fall gjer historismen oss historielause.