I 2011 og 2015 fekk 16- og 17-åringar i til saman 30 ulike kommunar lov til å røysta ved kommune- og fylkestingvalet. Ungdomane deltok i valet i like stor grad som befolkninga elles, og fleire unge kommunestyrepolitikarar vart valt inn.

Regjeringa er svært klar over desse resultata. I kommuneproposisjonen sin for 2018 trekkjer regjeringa fram fleire positive utslag av forsøksordninga. Likevel landar dei på å skrinleggja heile forsøksprosjektet. Det er skuffande.

Befolkninga her til lands vert stadig eldre, og det er ein stor fare for ein demokratisk ubalanse viss vi ikkje får gjort noko med representasjonen i kommunestyra og fylkestinga. Å gje 16- og 17-åringar røysterett, viser seg å vera ein effektiv måte å sørgja for yngre representasjon.

Regjeringa trekkjer i tvil ungdomen sin modnad. Dette, og resten av argumenta, kjenner vi att frå debatten når røysterettsalderen har vert senka tidlegare. Å senka røysterettsalderen er eit politisk val, som handlar om å ta unge menneske på alvor, og å auka makta og moglegheitene deira for innverknad i samfunnet.

Mange av ungdomane vi hos Barneombodet møter, trekkjer fram røysterett for 16- og 17-åringar som ei av sine viktigaste saker, nettopp fordi dei då kan få vera med på å forma sitt eige lokalsamfunn. Lokalsamfunn dei sjølv er dei største ekspertane på å veksa opp i, og vera unge i.

Ungdomane er engasjerte i saker som er viktige for dei. Akkurat som alle andre aldersgrupper. 16- og 17-åringane er modne nok. Det vert stilt ei rekkje krav til 16- og 17-åringar, og dei må få vera med på å avgjera kven som skal utforma desse krava.  16- og 17- åringar har livsopplevingar og meiningar som er viktige å ta med når vi skal utvikla samfunnet. Regjeringa lukkar augo for dei positive effektane av å senka røysterettsalderen, og vel i staden å konstruera utfordringar.

Vi veit òg at kommunane gjerne gjev ungdomane sine tillit. I kvart av forsøka ynskte 100 kommunar å prøva ung røysterett. I tillegg gav over 160 kommunar sine 16- og 17-åringar røysterett då det vart halde folkerøystingar om kommunesamanslåingar.

Eg håpar regjeringa lyttar til ungdomane, og kommunane, og at dei tek demokratiet på alvor. Mi klare anbefaling er at vi senkar røysterettsalderen ved kommune- og fylkestingval til 16 år.