Eg vil starte med å gratulere Senterpartiet med ei svært god meiningsmåling. I Høgre hadde vi framgang frå 10 til 25-30 prosent i åra frå 2009 til 2013, og framgang smakar alltid godt. Heldigvis er denne meiningsmålinga berre ei måling, og heldigvis er det 4 månader til valet i september. Høgre vil bruke denne tida godt for å få betre fram kva vi har fått til i dei 4 åra vi har vore i regjering, kvifor ein gjennomfører viktige reformer og omstilling og ikkje minst få fram kva vi vil gjere dei komande 4 åra.

Meiningsmålinga viser at Senterpartiet så langt har lukkast med sin overordna strategi om gjere partiet større ved valet i september 2017 med å vere i mot stort sett alle reformer. Dei har lukkast med dette ved å skape frykt for endringar, mistenkeliggjere regjeringa sine motiv for reformer og undervurdere behovet for reformer  og omstilling. Mantra har vore at alle endringar er sentralisering.

Vår største utfordring er at vi ikkje har fått sett resultatet av dei reformene som skal gjennomførast. Derfor står vi lett for hogg. Nærpolitireforma er ikkje gjennomført, både regionreforma og kommunereforma skal innførast i 2020, og ingen av desse reformene vil gjere det betre å bu i vårt fylke i dag eller i morgon. Dei skal gjere vårt fylke ein betre stad å  bu om 5-10-15 år.

Eg forstår godt at folk svarar slik dei gjer når dei får slike spørsmål, men eg må få lov til å undre meg over denne merkelige undersøkinga. Den minner mykje om ei lissepasning til SP i valkampen fordi spørsmåla i undersøkinga knyter seg opp mot ei meiningsmåling, og fordi den er så sterkt farga av eit spesielt tema og eit bestemt parti som har profilert seg på å vere i mot alle desse reformene. Eg har stor tru på at folk klarer å tenkje sjølve, og at det som skjer fram til valet i september vil vere meir avgjerande for kva folk stemmer enn ei slik meiningsmåling. Derfor helsar vi også valkampen velkomen.

Eg er heilt sikker på at alle desse tre reformene vil gjere Sogn og Fjordane til ein betre stad å bu i åra som kjem enn alternativet med å ikkje gjennomføre dei. Nærpolitiereforma vil gje større politikraft i alle delane vårt fylke, det vil bli gjort meir med førebygging, og det vil også bli meir ressursar til å oppklare nye former for kriminalitet og meir alvorlig kriminalitet.

Sogn og Fjordane vil kome godt ut av regionreforma gjennom samanslåinga med Hordaland fordi vi stå sterkare i lag, og dei kommunane som slår seg saman i vårt fylke vil stå sterkare og betre rusta til å møte utfordringane som møter desse kommunane i framtida både når det gjeld næringsutvikling og tenester til innbyggarane.

Senterpartiet og den raudgrøne fleirtalsregjeringa våga ikkje eller vart ikkje samde om viktige reformer for landet vårt dei 8 åra dei sat i regjering. Det er ei av årsaken til at det har hasta med å kome i gang med reformarbeidet i offentlig sektor i denne perioden. Vi veit alle at det vil bli fleire eldre i landet vårt i framtida, og at det dermed blir relativt færre som er i arbeid, oljeinntektene vil gå ned og næringslivet vårt må settast i stand til å skape dei verdiane som skal til for å oppretthalde velferdsnivået i landet vårt, og dette hastar. Derfor har  Høgre/Frp regjeringa, saman med samarbeidspartia, starta arbeidet med omfattande reformer som på sikt vil gje betre tenester til innbyggarane, betre utnytting av dei økonomiske ressursane som landet vår har til rådvelde og ikkje minst nytte dei menneskelige ressursane i offentlig sektor på ein best mulig måte.

Ein treng lang tid på å snu eit tankskip som er ute av kurs på same måten som ein treng meir enn 4 år på å snu ei utvikling i landet vårt som har vore på feil kurs. Dei reformene som regjeringa og stortingsfleirtalet har starta opp og dei omstillingane som regjeringa legg til rette for i næringslivet og ikkje minst tidenes sterkaste satsing på samferdsle vil føre til at  Sogn og Fjordane blir ein ennå betre stad å bu i framtida. Dette er også nokre av grunnane til at det er viktig at Høgre får halde fram i regjering.