For mindre enn ein månad sidan vart Hogatunet opna med brask og bram. Det nye bu- og behandlingssenteret til 200 millionar kroner er vår nye stoltheit i Eid - det største byggeprosjektet Eid kommune nokon gong har gjennomført.

Tidlegare i veka var helseminister Bent Høie med stort følgje på plass, og det var ein tydeleg imponert minster.

No viser det seg at medaljen også har ei bakside.  Personalmangelen er prekær. Ein har ikkje hatt nok folk på jobb, og avdelingsleiar Sølvi Nesbakk Ryland seier i avisa i dag at det har falle veldig feil.

Kva er vitsen med å bygge stort og flott, når det ikkje vert fylt opp med naussynt bemanning?   Vi kritiserer ikkje dei tilsette. Dei gjer berre så godt dei kan utifrå den bemanningssituasjonen som er der. Vi forstår at dei ikkje rekk overalt. Men det er noko som skurrar slik det er no.

Her har politikarne med ordføraren i spissen eit ansvar for å sette av pengar til nok folk. Dette skulle dei gjort for lenge sidan, så hadde ein kanskje unngått at ein no kjem på hælane. Vi veit alle at  tilsettingsprosessar tar tid.

Under opningsfesten vart det snakka varmt om at dei eldre får meir verdigheit i det nye Hogatunet. Det er vel og bra, og heilt på sin plass. Men dei eldre treng også kontakt med dei tilsette, når dei har behov for det. Liv Gjerde fortel i dag at ho sat fastklemd i 20 minutt før ho fekk hjelp. Det er ikkje bra nok.

I dag brukar avdelingsleiarane heile arbeidsdagane på å ringe for å skaffe folk til å dekke opp vaktene. Det er ingen tid til planlegging og kontakt med pårørande. Slik kan vi ikkje ha det, og vi forstår frustrasjonen hos avdelingsleiarane som føler dei ikkje strekk til. Dei treng meir folk, og fleire fagfolk. No sit dei med kjensla av at dei mislukkast i alt dei gjer.

Kommunalsjef Kari Krogh innrømmer at dei tilsette har hatt det tøft. Ho hevdar at bemanningsproblema ikkje går ut over pasientane. Det stiller vi oss litt tvilande til.