Etter berre eit halvår med Amfi Nordfjord er konturane klare - utvidinga har styrka posisjonen til kjøpesenteret. Det interessante er å sjå den store auken Amfi Nordfjord har i omsetning. Den har auka med heile 254 prosent i forhold til same tid i fjor. I løpet av dei 15 første vekene i år har dei hatt ei omsetning på heile 92,6 millionar kroner. Det er skarve 80.000 kroner mindre i veka enn Amfi Ørsta. På Amfi Ørsta sel dei med andre ord for ein million kroner meir enn hos konkurrenten på Nordfjordeid - til tross for at dei har åtte butikkar meir.

Amfi Nordfjord har tatt mål av seg til å bli eit kjøpesenter for heile Nordfjord, og stogge handelslekkasjen mot Sunnmøre og Førde.Det kan det sjå ut til at dei har klart. I dag kjem folk frå Selje, Vågsøy, Bremanger, Gloppen, Stryn, Hornindal og Sunnmøre for å handle på Nordfjordeid. Ein vanleg laurdag på senteret finn ein mykje tilreisande. Men også i vekedagane vert butikkane på Nordfjordeid brukt av besøkjande. Amfi Nordfjord kan slå i bordet med mellom 20- og 23.000 betalande kundar kvar einaste veke, og det er ikkje berre eidarane som handlar.

Handel på Nordfjordeid er likevel så mykje meir enn eit kjøpesenter ved strandlinja. Mange misunner bygda for den unike Eidsgata som handlegate, der ein i dag finn unike nisjebutikkar.

Målet må vere at Amfi Nordfjord og butikkane i Eidsgata utfyller kvarandre. Fleire tilreisande vil gi vinn-vinn-situasjon for alle butikkane.

Senterleiaren fortel i avisa i dag at det blir snakka om Nordfjordeid i fleire settingar i fleire kjeder. Dei synes det er interessant kva som skjer på Nordfjordeid.

Fleire butikkar opplever også langt større handel enn dei hadde sett føre seg. Og no snusar nye butikkar på å kome. Men det er eit tankekors at Eidsgata har fleire tome ledige lokaler. Vi håper desse snarleg kan fyllast med butikkar. Vi treng ei levande Eidsgate. Men det betyr også at folk må vere flinke til å bruke butikkane i gata. Å handle lokalt i Nordfjord er viktig.