Regjeringa vil innføre kompetansekrav i helse- og omsorgstenestene og meiner rett kompetanse i kommunale helse -og omsorgstenester må gå fram direkte av lov. Regjeringa foreslår blant anna  at legar ,sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og psykologar skal inngå som kjernekompetanse. Utover det må kommunane sjølve vurdere kva som er nødvendig for at helse- og omsorgstenestene skal vere forsvarlege.

Fellesorganisasjonen (FO) organiserer over 27 000 barnevernspedagogar, sosionomar , vernepleiarar og velferdsvitarar. Det er sjølvsagt at desse profesjonane blir anset som ein del av kjernekompetanse i kommunane! Høyringsnotatet understrekar  gjennomgåande at både helse - og sosialfagleg perspektiv og kompetanse er viktig. Det viser at departementet forstår helse som meir enn fråvær av sjukdom. Det er både viktig og rett, og vi er glade for det!

Kommunane er gjennom  Helse -og omsorgstenestelova pålagt å sørgje for at alle personar som oppheld seg i kommunen skal få tilbod om nødvendig og forsvarleg helse -og omsorgsteneste. Store delar av tidlegare lov om sosiale tenester, blei inkorporert i dette lovverket då det trådde i kraft i 2012.

Å verdsette enkelte grupper helsepersonell og på same tid utelate sosialfagleg personell, vil føre til sterkt redusert kvalitet i dei kommunale helse - og omsorgstenestene. Det blir umogleg for kommunane å nå måla i meldinga om bredde i kompetanse for å møte brukarar med behov for omfattande og samansette tenester. Sosionomar og vernepleiarar har eit unikt heilskapsblikk på menneske sin livssituasjon. Når så viktige profesjonar blir utelatt får ikkje alle eit like godt tilbod.

FO meiner at bruken av omgrepet «helse» er misvisande for kommunale helse - og omsorgstenester; det sosialfaglege perspektivet forsvinn. Opplistinga i forslaget om kjernekompetanse forsterkar dette og kan vere ekskluderande!

FO frykter at om lovforslaget går gjennom slik det står i dag, så vil det kunne skapas eit A- og B- lag mellom dei ulike profesjonane innafor helse- og omsorgstenestene i kommunane. Dei som blir råka av dette er dei som treng heimebaserte tenester, tverrfagleg rus- og psykisk helsearbeid, miljøretta arbeid og bustadsosialt arbeid.

FO er sterkt uroa for at konsekvensane av lovforslaget blir eit snevrare helseomgrep enn det vi oppfattar er intensjonen. Vi ser dessverre at kommunar med ein pressa økonomi prioriterer lovbestemte krav til drift og bemanning, og prioriterer ned ikkje lovpålagde tenester, inkludert personell med anna kompetanse enn det som er heimla i lov.

FO krev at dersom Stortinget vel å lovfeste profesjonar i Primærhelsetenestemeldinga, må dei sosialfaglege profesjonane inngå i denne lovfestinga.