Kommunereforma var på møteagendaen til Vågsøy kommunestyre 30.03.2017. Kommunen skulle ta stilling til samanslåing med Flora kommune. Eller eventuelt utsette saka til dei hadde fått drøfta eit friarbrev frå Selje/Eid. Representanten Nils Myklebust kom med eit framifrå framlegg om utsetting og alt låg til rette for vidare forhandlingar om samanslåing av Vågsøy, Selje og Eid.

Drøftingane skulle skje på fritt grunnlag. Eg forstod det iallfall slik at ein skulle sjå bort frå semja som tidlegare var inngått mellom Selje og Eid. Eg såg føre meg eit kommunesenter på Bryggja med tilnærma lik avstand frå Måløy, Selje og Nordfjordeid (og frå Vanylven). Kommunen sitt namn måtte sjølvsagt vere Maurstad - Stadnamnet midt i kommunen. Staden vart sikra som skulestad i all framtid. Naturleg med god veg nordover og bru over Nordfjorden i nærleiken. No er det vel for seint. Fleirtalet i Vågsøy kommunestyre var ikkje interessert i utsetting. Det vart derimot gjort vedtak om samanslåing med Flora. Det vart gjort vedtak om å ha delt kommunesenter. Dette kan vel ikkje bety anna enn at dei vil  ha kommuneadministrasjon både i Florø og i Måløy. Altså eit rådhus i begge byane. Kva vil dei oppnå med det? Det skal då vere berre eitt kommunestyre, ein ordførar, ein varaordførar og ein rådmann eller råd i kvar kommune. Det skal vel også vere berre eitt formannskap og eitt av kvart av dei andre utvala. Er det slik at dei folkevalde i Kinn skal gjere vedtaka sine vekselvis i dei to kommunesentra? Kva skal rådhusa fyllast med til dagleg? Skal dei ha dobbelt sett med byråkratar? Alle skattar til same kommune sjølv om det er delt kommunesenter. Eg trudde at ein viktig intensjon bak kommunereforma var at ein skulle spare pengar og samle byråkratane frå eit større område til ein meir «robust» fagstab.

Av kommunestyredebatten forstod eg at det var eidarane som var problemet. Ein kommunestyrerepresentant sa det rett ut. Det var fleirtal i Vågsøy for å slå saman Vågsøy og Selje. Så kom Eid inn i bildet og vi hadde ikkje noko val. Vi måtte orientere oss sydover, sa han. Kva er det som er gale med oss eidarar. Er det råd å få eit svar på det? Kanskje trengst det ei analyse. Kanskje dette er ei oppgåve for «samfunnsanalytikar» professor Amdam i Volda?

Det vart sagt at dei ynskjer seg ei sterk kystkommune. Dei er klar over at saman med Selje så kunne dei få ei sterk kystkommune. Men så kjem dette med Eid inn i bildet. Er dei verkeleg redde for at eidarane vil verte ein hemsko i denne samanhengen? Sjølv er eg umåteleg glad i kysten  Eg er overtydd om at eg ikkje er åleine her inne fjorden som er det. Vi er mange her som er veldig stolte av at vi om knapt 3 år bur i ei kystkommune. For ei glede det vil bli  å kunne fiske taskekrabbe i eigen kommune. I Eidsfjorden er det uhyre lite av den slags. Vi har derimot mykje slimål. Sjølv om den vart kåra til Norges nasjonalfisk må eg sei meg lei for at her er så mykje av den. Han et opp fisken vi fangar i garn og på line. Eg vil forsikre vågsøyfolk om at vi ikkje et slimål. Så det kan ikkje vere grunnen til at vi er spesielle. Veldig mange av oss likar veldig godt torskehaud og lever. Den med god kvalitet får vi frå kysten. Snart kan vi heldigvis fiske den sjølve i eigen kommune.

Til slutt vil eg ynskje Vågsøy kommune til lukke med valet dei har gjort. Vi greier vel å venje oss til at Maurstad skal ligge i Kinn. Ein kuriositet er det at når vi skal reise gjennom den nye kommunen vår må vi reise over Kinn utan å kome innom Sunnfjord. Vi vil for all del  vone at dei folkevalde i Eid går heilhjarta inn for at folket i Selje kjem styrka ut av at dei dannar samfunn saman med eidarane.