«Det har i etterkant av artikkelen om skuletilbodet i fylket som stod i Fjordabladet sist fredag, kome ein del reaksjonar til skulen. Dette synes vi er leit. Vi snakka med journalist torsdag kl 12, og pga tidspress gjekk intervjuet raskt og vi las ikkje gjennom artikkelen før den vart trykt, slik vi burde ha gjort. Journalisten visste ikkje så mykje om justeringssaka eller bakgrunnen for denne, så vi informerte innanfor tida vi hadde. Undervegs i intervjuet PRESISERTE vi at vi naturlegvis IKKJE på nokon måte ville gje uttrykk for mistru til Firda eller mistru til Idrettsfag, men dette kjem dessverre ikkje fram i artikkelen. Det vi derimot presiserte, er at å ta bort ein parallell hos oss på studiespesialiserande vil øydelegge breidda i programfag hos oss. Vi sa og at vi synes det vil vere overraskande om fylket går for å opprette ei ekstraklasse på idrett når ein i prosessen rundt skulebruksplanen har hatt ein politikk om å ta ned talet idrettsklasser. På spørsmål frå journalisten sa vi at idrettsfag er studieførebuande, og at det då skil seg frå studiespesialiserande i td moglegheiter for fordjuping i realfag. Det var ikkje vår meining å framstille idrettsfag som ei «hobbylinje». Det er synd at spareprosessen i fylket fører til splid og mistru mellom gode naboar – det har ikkje, og er ikkje, vår meining.»

På vegne av dei tillitsvalde ved Eid vgs

Tone Flem Ulvestad, ATV Utdanningsforbundet og ihuga kroppsøvingslærar