Ferjesambanda i fylket er ein viktig del av riks- og fylkesvegane våre. På ferjesambanda Lote – Anda, Lavik – Oppedal og Måløy – Oldeide har det siste året vore ei rekkje innstillingar av avgangar. Lote – Anda har hatt 111 innstillingar berre i 2016. Det blir ofte skulda på problem med sjølve ferja, eller at ferja ikkje har motorkraft nok til å takle dei lokale straum- og vindtilhøve. Problem med lading er ei anna grunngjeving. Dette er sjølvsagt ikkje akseptabelt på ferjesamband som er ein del av E-39, som er Vestlandet sin hovudveg.

Når sambandet er stengt mange timar i strekk fleire gongar i veka, er dette ikkje til å leve med for dei som bruker sambanda i kvardagen. Dette gjev også betydeleg svekka beredskap for dei som må nytte ferja for å kome seg til sjukehus. Det er uakseptabelt at hovudvegen på Vestlandet, E-39, er stengt i lengre periodar på grunn av for dårlege ferje. Vi forventar at dette blir ordna opp i utan meir tull og tøys. Folk har krav på betre regularitet på ferjesambanda, og det er på tide at det visast litt handlekraft for å få det til.