Reiselivsnæringa har sett rekordar tre år på rad, oppdrettsnæringa når snart 100 milliardar kroner i eksport og til og med i landbruket er det inntekts- og produksjonsvekst.

Det som skapar vekst i distrikta er ikkje auka skattar, statlege overføringar og bulyst-midlar, slik SP ønskjer seg. Det som skaper vekst er å bygge ut vegar og anna infrastruktur. Eit godt døme på det er oppstart av E39 Bjørset-Skei og at det no er gjeve klarsignal til Stadt skipstunnel, E39 Myrmel-Lunde og rassikring av Rv 5 i Kjøsnesfjorden. Betre vegar og sterk satsing på infrastruktur vil tene næringslivet, det vil skape sterkare bu- og arbeidsregionar, og turistar og andre vil ha lettare tilgang til vårt fylke.

Dei 1000 milliardane vi no skal bruke på veg, kyst og bane kjem til å ha langt meir å seie for utviklinga i distrikta enn det nokre statlige bulyst-midlar nokon sinne vil bety. Vi har sett mange som demonstrerar for betre vegar, men aldri for store omdømmeprogram som skal skape bulyst.

Venstresida manglar gode løysingar for distrikta. Dei seier nei til ei EØS-avtale som gjer at vi får selt fisken, skogen og gassen vår til Europa. SV og MDG seier nei til å bygge ut vegar i distrikta. Desse partia vil ha avgjerande påverknad på ei eventuell raudgrøn regjering. Det einaste venstresida seier ja til er auka skattar og avgifter for hotell i Sogndal, for oppdrettsanlegg i Sognefjorden og for små og mellomstore bedrifter i heile Sogn og Fjordane.

Høgre leverer løysingar som styrkar distrikta. Vi flytter ut dobbelt så mange statlege arbeidsplasser som SP fekk til i den raudgrøne regjeringa. Kommuneøkonomien er kraftig forbetra i denne perioden. I følgje Kommunenes Sentralforbund må ein tilbake til 90-talet for å finne like gode tal som for 2015 og 2016.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier ja til lokale initiativ (80 %) – der SP sa nei (40%). Det gjeld for eksempel i byggesaker, mineralprosjekt, vegbygging og andre saker med motsegn. Vi tvilar ikkje på at SP kjempa i mot dette, men realiteten er at dei styrte saman med to overivrige styringsparti i AP og SV. Det blir neppe enklare for lokale krefter å få ja til lokale prosjekt, dersom MDG også får eit ord med i laget.

Det venstresida no går til val på er å auke skatten for hotell, butikkar og næringsdrivande i Sunnfjord, Nordfjord og i Sogn. Det vil garantert gje færre lønsame arbeidsplassar, ikkje fleire. I Høgre ønskjer vi å styrke distrikta, ved å legge grunnlaget for meir næringsutvikling, ved å styrke fagmiljø og ved å seie ja til lokale initiativ.

Vi er klar over at reformane som regjeringa har sett i gang møter motbør, men vi vil forsikre alle om at vi gjer dette fordi vi ønskjer betre og meir moderne tenester til innbyggarane. Nærpolitireforma er eit eksempel på dette. Bakgrunnen for reforma var klare faglige anbefalingar frå Politianalysen og Gjørv-kommisjonen. Både leiinga i politiet og Politiets Fellesforbund stod begeistra bak reforma då den vart lansert.

Det vil alltid være krevjande å gjennomføre omfattande reformer, og dei utfordringane som dukkar opp vil vi ta tak i. Men resultata er allereie i ferd med å kome. Responstida går ned, oppklaringsprosenten går opp. Det er også løyvd pengar til å tilsette 1400 politifolk i by og bygd. Faktisk er forbetringa i utrykkingstid aller størst i dei minste tettstadane. I tillegg er innsatsen mot overgrep mot barn og unge meir enn fordobla dei siste tre åra.

Som politikar møter ein alltid minst motstand om ein står stille. Vi ønskjer modige politikarar, politikarar som lyttar på faglige anbefalingar, og som tek grep for å bevare det som er godt. Høgre ønskjer å halde fram med å modernisere Norge, og gje gass for at distrikta skal være motoren for den veksten som Norge treng for å vidareutvikle Norge som velferdsstat.