Kvinner i Noreg har det bra, og mange av seierane feirar vi på kvinnedagen 8.mars. Vi er eit av verdas mest likestilte land, men likevel er vi ikkje i mål. Høgresida prøvar gong på gong å innbille oss at 8. Mars har gått ut på dato, og at det ikkje lengre er fleire kampar å ta. Dei tar feil – dagen blir ikkje mindre viktig, den blir meir viktig. Den er viktig for alle dei kvinnene utanfor våre landegrenser som lid, som blir undertrykte og som bli nekta utdanning. Den er viktig sjølv i Noreg fordi det er menn som er overrepresentert i maktposisjonar og i leiarstillingar. Og den er viktig fordi vi ser at vi har ein veg igjen å gå.

Kvifor har kvinner det bra i Noreg? Kvinnerørsla har vist oss veg, at samfunnet kan endrast! Vi har sett at krav til næringslivet verkar. At kvotering verkar og har gitt kvinner moglegheita til å vise at dei mestrar posisjonar som tidlegare var for meint for menn. Aktiv likestillingspolitikk gir resultat. Å inkludere far i svangerskapspermisjonen har ført til at fleire kvinner har kunne deltatt aktivt i arbeidslivet og samfunnet, og samstundes gjort det lettare for menn å vere gode fedre. Full barnehagedekning gav kvinner meir fridom, men fortsatt står fleire utan barnehageplass. At born får vere med andre born og kvinner får bidra til samfunnet er ein vinn-vinn situasjon. Då må vår oppgåve vere å jobbe for barnehage for alle, og kvitte oss med kontaktstøtta ein gong for alle. Vi kan ikkje akseptere ei regjering som auka kontaktstøtta for å halde kvinner utanfor arbeidslivet.

La oss òg hugse på at det er fleire millionar av menneskjer verda over som treng vår støtte og solidaritet. Det er kvinner som ikkje får ytre si meining og som ikkje får gått på skule. Dette er realiteten i enkelte land. Slik skal det ikkje vere. Likestilling kjem ikkje av seg sjølv. Likestilling må kjempast fram gjennom politiske vedtak, og nokon må drive fram desse vedtaka. 8. mars er framleis ein kampdag – for eit rettferdig og likestilt samfunn oppstår ikkje av seg sjølv med mindre vi kjempar målbevisst for det. Gratulerer med kvinnedagen, alle saman!