I dag er det 8. mars. Den internasjonale kvinnedagen. Dagen er over hundre år gamal. Det var i 1910 at den internasjonale sosialistiske kvinnekongressen i København vedtok å innstifte den internasjonale kvinnedagen som eigen kampdag for kvinners rettar og for fred. I år er det 40 år sidan det vart ein eigen FN-dag. Kan det vere meir å kjempe for, er det nokon som spør. Skal dei aldri verte nøgde desse kvinnfolka? Svaret er vel at vi aldri kan verte nøgde før alle kvinner i verda er likestilte og ikkje før vi har oppnådd kvinnefrigjering for alle kvinner.

Eitt emne som har stått på dagsordenen til kvinnerørsla i over hundre år er kampen mot kvinneløna. Lønsgapet mellom kvinner og menn i Noreg er framleis 15%, medan dette gapet aukar til 30% i pensjonsutbetalingane. Dette er det utruleg viktig å få gjort noko med. Økonomisk sjølvstende er grunnmuren i kvinnefrigjeringa. Har du økonomisk fridom kan du også ta sjølvstendige val på andre felt. Det viktigaste er altså ikkje å få kvinnfolk til å velje yrke der dei får høgare løn. Det viktigaste er å få opp lønene i alle dei viktige lågløntyrka som til dømes for tilsette i barnehagane, og ikkje minst å få ein rettferdig pensjon.

I 2014 vart resultatet av den fyrste store valds- og valdtektundersøkinga i Noreg lagd fram. Undersøkinga er gjennomførd av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Undersøkinga fann mellom anna at 9,4% av kvinner i Noreg har opplevd å bli valdtekne, og 1.1% av menn har opplevd det same. Halvparten (49%) av kvinnene har opplevd valdtekt før dei fylde 18 år. Det er ingenting som tyder på at valdtekt mot unge kvinner har gått ned over tid. Like mange yngre som eldre kvinner rapporterte valdtekt før fylte 18 år. I dag veit vi at både politi og hjelpeapparatet er meir innstilt på å ta imot og hjelpe kvinnene som er utsette for vald og valdtekt. Trass i dette veit vi også at det framleis er mange kvinner som opplever sterk skuldkjensle når dei vert utsett for eit overgrep. Dette må vi gjere noko med. Vi har i dag eit overgrepsmottak i Sogn og Fjordane som dekker mottak, undersøking, sporsikring og behandling for både seksuelle overgrep og dei som har vore utsett for vald i nære relasjonar. Drifta av overgrepsmottaket er for usikkert når ein år om anna må vente på alle kommunestyre-vedtaka før ein veit om ein har sikra drifta vidare difor bør dette mottaket bli ein ordinær del av Helse Førde.

Kvinnekampen krev både tolmod og utolmod. På dei 107 åra som har gått sidan den fyrste 8. mars-kvinnedagen har situasjonen for kvinnene i mange land endra seg radikalt. Og framleis er vi i endring og framleis får vi til endring. For oss sjølve og for jenter og kvinner i heile verda. Det skal vi halde fram med.