Valet av Donald Trump til president har nok gjeve søvnlause netter for mange. Vår regjering si overkøyring av eige folk kan og få fart på salet av sovemedisin. Sentralmakta sine alvorlege tvangstankar lyt føra til mareritt hjå nokon og ein kvar. No har eit knippe tilsynelatande heilt tilfeldig utvalde kommunar vorte utsett for dei reine snikmord. Om Jan Tore Sanner og hans medsamansvorne får behalda makta etter valet til hausten, vil dei ta det som aksept for sin blodige politikk. Ingen vil då kunne sova trygt av otte for ein kommunal seriemordar.

Sanner seier støtt at han har reist i heile Noreg og møtt framoverlente lokalpolitikarar og høyrd på grasrota. Pussig forresten at eg som deltakar på 84 folkemøte aldri støtte på han før vi møtte kvarandre i Oslo under Debatten på NRK 23/2. Om Ibsen skulle ha skrive om turneen hans, laut tittelen ha vorte "Når dei døve lyttar". Han har jo ikkje brydd seg filla om kva folk meiner.

Ein av politikarane han gjev honnør, ordføraren i Lindesnes, sto ved sida av han i studio. Då folkerøystinga på heimebane gikk imot ho, fekk ho trøyst av ministeren som oppmoda til å ignorera nei-resultat landet rundt. Likevel røysta kommunestyret 14-7 i tråd med ynsket til bygdefolket. No strålar ho av lukke over at tvang vert nytta. I tre-eininga med Mandal skal også Marnardal inngå. For sistnemnde vert det påstått å vera friviljug. For kven? Ordføraren der stør seg til ei innbyggjarundersøking der berre 28% sa ja. Med tillegg av dei 13% som svara "veit ikkje", syns han etter særs kreativ bokføring at dette ga mandat nok til å fylgja Sanner si line.

Diverre er der fleire lokale heltar som har det same "demokratiske" sinnelaget som statsråden. "Vil du ikkje, så skal du!" Hardnakka har dei stått i mot fakkeltog og underskriftsaksjonar med krav om folkerøystingar. Så er det dei som rett og slett har utelate sjølvstende som eit alternativ på røystesetelen. Atter andre har manipulert spørsmålsstillinga, til dømes ved at det er sett opp fleire samanslåingsalternativ. Slikt gjev tolkingsrom i favør av fusjonsfantastane sjølv om sjølstendelina hadde vunne klårt sett opp mot kven som helst av partnarane åleine. Sjølv der regjeringa si tilrådde involvering av folket har vorte nytta, nemleg innbyggjarundersøking med ofte særs leiande spørsmål, har klåre nei-resultat vorte lagde i skuffa. På det verste har opptil tre uavhengige slike kombinert med ovannemnde øvrige rop frå folkedjupet vorte ignorert. Ordførarar har så reist til Oslo for å eta marsipankake med ministeren, fått godkjenningsstempel i boka og skryt for godt lokalt leiarskap.

Slike prosessar leia av "framoverlente" politikarar er det statsråden tek med i gruppa "friviljuge" og nyttar som argument for at kommunereforma er så vellukka. Avgjerande for suksessen har også vore meir eller mindre tvilsame gulrøter og utilbørleg press. Lagnadstrua i folket om at "samanslåing vert det uansett", har vore lei å koma til livs. Dette trass i at Friviljugsvedtaket av 1995 framleis gjaldt og at Stortingsfleirtalet presiserte at det skulle vera reell frivillegheit for kommunane. «Reell» burde tyde at heller ikkje økonomisk strupetak eller det som verre er skulle kunne nyttast. Nettopp det hende etter at grønsakdisken ikkje var freistande nok. Reformstønaden er jo neppe eingong nok til å dekkja dei erkjende omstillingskostnadane, og ekstra infrastrukturtiltak til dei medgjerlege gjev ikkje mange meter veg til kvar. Heller ikkje den famøse julegåva frå Sanner der snille kommuneborn fekk to millionar om dei slo seg saman før 2015 var omme, fekk ynskja effekt. Det var då han slo til med sitt mest sviande piskeslag. Trass tidlegare lovnadar om at ingen skulle tapa på å seia nei, kom endringa av inntektssystemet. Det leia til ei vill jakt på kommunale partnarar. Alternativet var svelt-i-hel.

Hastverkselementet har vore sentralt i lokførar Sanner sin strategi. Medan lyntoget fór med julegåvene, hadde hurtigtoget siste avgang 1/7-16. Dei som hoppa på i fart, fekk difor ikkje tenkt seg ordentlig om, men kva gjorde vel ikkje Sanner i same augneblinken som fristen gjekk ut? Jau, han forlenga den og sendte så sine skarpaste spydspissar, Fylkesmennene, ut i felten på ny. På hausten teikna dei inn sine tilrådingar på Noregskartet. Om ein ikkje nekta å godta at vi var attende i Embetsmannsveldet, var dette effektiv skremselspropaganda. Igjen gjaldt det om å nå ein frist, og ei utbreidd villfaring var at å utsetja til tvangen likevel kom, ville føra til tap av reformstønaden. Vedtak vart altså fatta under sterkt tidspress og på gale premissar.

Utgreiingar, konsulentar, prosjektrettleiarar, og arbeid på alle forvaltningsnivå, eit enormt tidstjuveri, har kosta flesk. Når skal nokon stå til rette for dette milliardsløseriet? Sløseri lyt det jo vera i og med at konklusjonane til dei som seriøst og lojalt har følgt opp i prosessen, laut vika for regjeringa si tvangstrøye. Ikkje rart om mange kjenner seg trakka på. For dei som arbeider og bur der, gjeng det også på sjølvkjensla laus når det støtt vert hevda at heimkommunen ikkje er god nok.

Det som har gjenge føre seg på bakrommet i Stortinget er direkte uverdig. Grunngjevingane som ligg bak dødsdomane over eit heilt vilkårlig utval kommunar heng ikkje på greip. Dette lyt vera hestehandel av verste sort. Tvangssamanslåingane av fylke er minst like ille. Ingen parti gjekk til val på ei slik løysing. I hui og hast og utan sedvanlege utgreiingar og høyringsrundar kan ikkje dette vera anna enn ein mellomstasjon på veg til regjeringa sitt eigentlege ynskje om å fjerna fylka helt.

Jan Tore Sanner har lagt enorm prestisje i sitt store sentraliseringsprosjekt der han måler eigen suksess i kor mange kommunar og fylke han kan verta kvitt. Difor er han openbart også viljug til å nytta kva metodar som helst. Valet til hausten vert heilt avgjerande for å reversera overgrepa og få attende eit reelt folkestyre. Ikkje noko land kan vera tent med å ha gåande på frifot en kommunal Jack the Ripper.