For kring eitt år sidan sette NHO-sjef Kristin Skogen Lund seg inn i ein Uber Black-bil. VG var med. Bileta og NHO sin årskonferanse 2016 blei startskotet for debatten om delingsøkonomi i Norge. Reaksjonane på køyreturen var både positive og mindre positive.

Nyleg blei rapporten frå Delingsøkonomiutvalet lagt fram. Regjeringa skal ha ros for raskt å ha sett ned utvalet, og det jobba effektivt. NHO har sjølvsagt vore representert, og det har stort sett vore semje om innspela til utvalet internt i NHO-fellesskapen, med unntak av nokre spørsmål om persontransport. Semja om hovudretninga inkluderer også dei andre arbeidsgjevarorganisasjonane.

Det er ein stor fordel for næringslivet at norske styresmakter er raskt ute med å finne løysingar på regulering av delingsøkonomien. Norge er eit land med mange avanserte teknologibrukarar. Kombinasjonen av framtidsretta regulering og avanserte teknologibrukarar trur vi kan bringe Norge og Norden i front. Vi må altså legge til rette for delingsøkonomien.

Utfordringa er å sikre konkurranse på like vilkår, samstundes som ein finn den rette balansen mellom regulering av nye tenester og tradisjonelle tenester, som både ivaretek omsynet til innovasjon og omsynet til eit seriøst arbeidsliv. Det er nettopp desse utfordringane Delingsøkonomiutvalet har vurdert.

NHO er positiv til delingsøkonomien. Den kan bidra til å løyse fleire små og store samfunnsutfordringar knytt til klima, berekraft og innovasjon. Betre kopling mellom tilbod og etterspørsel og betre utnytting av ressursar og arbeidskraft, gir økonomisk vekst og velferd. Difor må samfunnet legge til rette for ei slik utvikling.

I følgje Vista Analyse omsette delingsøkonomiselskapa for omlag 500 mill. kr i 2015. Potensialet ligg opp mot 57 milliardar kr i 2025. I dag er det stort sett tenester innanfor transport, overnatting og småjobbar som dominerer, men potensialet er stort også innanfor andre område som helse og omsorg. Eg trur dessutan at offentleg sektor har mykje å hente her. Plattformer som enklare koplar arbeidsledige med nye jobbar, eller som koplar frivillige til dei med omsorgsbehov, er berre to døme. Dette kan bidra til betre tenester og auka produktivitet i offentleg sektor.

Delingsøkonomien får oss til å sjå med nye auge på reguleringar vi har i dag. NHO sitt utgangspunkt er at det må vere konkurranse på like vilkår. Allmenne krav til mellom anna  skatt, forbrukarvern, ansvar og tryggleik må gjelde alle marknadsaktørar. Samstundes må ikkje eksisterande reglar fungere som eit vern for nokre og som etableringsbarrierar for andre.

Mykje av debatten har dreidd seg om det såkalla "frilans-samfunnet". Frilansarar eller sjølvstendig næringsdrivande er ikkje i ferd med å utkonkurrere fast tilsetjingar. Bedriftene ønskjer framleis å ha fast tilsette, m.a. for å bygge kompetanse, kultur og lojalitet. Høg yrkesdeltaking, solide velferdsordningar og eit velutvikla trepartssamarbeid er sjølve fundamentet i den norske modellen.

Eg trur likevel vi kan få ei utvikling i retning av fleire frilansarar og sjølvstendige i kjølvatnet av digitaliseringa, slik vi no ser i land som Sveits og Tyskland. Dette bidreg til å auke fleksibiliteten i arbeidslivet. Terskelen for å komme inn på arbeidsmarknaden blir senka. Men NHO ser også utfordringane som følgjer med ei utvikling der stadig fleire får ei lausare tilknyting til arbeidsmarknaden. Vi må sjølvsagt verne om grunnverdiane i trepartssamarbeidet dersom omfanget og innretninga av delingsøkonomien skulle tilseie det.

Norge har ikkje råd til å sitte stille og sjå på at digitaliseringa endrar verdsøkonomien. Arbeidet med delingsøkonomien er ein god syretest på om Norge har den omstillingsevna som er naudsynt for å gripe mulegheitene.