Eid-ordførar Alfred Bjørlo trefte mildt sagt ei nerve då han før helga retta sitt velformulerte sinne mot ein lokalpolitikar i Oslo. Facebook-innlegget vart delt i enormt omfang, ikkje minst fordi det òg vart fanga opp og lagt ut på sidene til Aftenposten, Firda, TV2, Kommunal Rapport, Sunnmørsposten, Dagbladet og – med aller størst delingsrespons – Fjordenes Tidende.

Slik vart innlegget òg ein riksdekkande, folkeopplysande reklame for fylket vårt, som Bjørlo fortener takk for. Vi skal vere stolte over alt det positive som skjer i næringsliv, skule og kulturliv, og vi har grunn til å kjenne oss forbanna når dette ikkje blir sett og verdsett av det vi oppfattar som sjølvsentrerte byfolk.

Éin arbeidsplass så langt

Saka som utløyste det heile, var nok ikkje like imponerande. I byte mot å sikre fleirtal for FrP/Høgre-regjeringa sitt nye inntektssystem for kommunane – eit grep Sogn og Fjordane kom særs dårleg ut av – fekk Venstre løfte om utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo. Før helga vart talet marknadsført av statsråd Sanner som 630, men det viser seg å vere maks 230. Dei resterande er nye, statlege arbeidsplassar. Av dei 630 er Sogn og Fjordane førebels tildelt éin – 1 – arbeidsplass: Ei ekstrastilling hjå Fylkesmannen som Sanner i presentasjonen lokaliserte til Leikanger, som viste seg å vere i Førde – og allereie på plass. I tillegg skal meir ‘vurderast’.

NVE og Fredskorpset

Det er pussig at Sanner lèt sine to lokale representantar - Rotevatn og Lødemel - gå ut med gladmelding om styrking av NVE sitt regionkontor, og at 45 stillingar i Fredskorpset blir flytta til Førde. Når han ikkje vil stadfeste det på eigen pressekonferanse etterpå. Vi får heie og håpe. Energifylket Sogn og Fjordane bør stå fremst kva gjeld NVE. Og UWC i Fjaler gjer Sunnfjord-regionen til sterk kandidat for Fredskorpset sitt utvekslingsarbeid. Eg vil òg nemne Den internasjonale folkemusikkfestivalen sitt mangeårige, profesjonelle arbeid, for dei i Oslo som måtte sjå Førde som ei bakevje kva gjeld kontakten med den store verda.

Ap støttar utflytting

Arbeidarpartiet har i alle fall varsla at det ikkje skal stå på oss. Vi er særs positiv til at statlege arbeidsplassar blir lagt utanfor Oslo, òg når det er snakk om dei varsla utflyttingane. Omfattande er det jo ikkje, noko Bjørlo sjølv set i perspektiv:

«Der Oslo har 46.000 statstilsette, har Sogn og Fjordane 2.000 og Eid 62 (Kjelde: Difi). Det er 75 statstilsette pr 1000 innbyggjarar i Oslo, 19 i Sogn og Fjordane og usle 10 pr 1000 innbyggjarar i Eid.»

Han kunne godt ha lagt til fleire tal. Til dømes desse:

• I dei åtte raudgrøne åra 2006-14 vart det 20 412 fleire statstilsette. 67 prosent av desse kom utanfor Oslo.

• På dei to FrP/Høgre-åra 2014-16, vart det 6 040 fleire statstilsette. 2900 av desse - 48 prosent – kom i Oslo, berre 52 prosent utanfor.

• Det jamførbare talet til Sanners 630, var for den raudgrøne perioden 1350: 1090 utflyttingar, 260 nyetableringar.

Ap er det framtidsretta partiet for både by og land, og vi allierer oss i regjering med eit Sp som er hissig på bygdenes vegne. Det er vårt val – vi veit vi finn gode løysingar saman. Så får andre stå for at dei lèt ei FrP/Høgre-regjering styre landet – og distriktspolitikken.