Fredag 27. januar la nemleg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram Stortingsmeldinga "Kultur for kvalitet i høgare utdanning". Statsråden understreka at å heve kvaliteten i høgare utdanning er nødvendig fordi Norge skal handtere store samfunnsutfordringar og endringar framover. Uavhengig av kva ein måtte meine om master- og meisterdiskusjonen som kjem med ujamne mellomrom, så må det ikkje herske tvil om at vi er heilt avhengige av god kvalitet ved universiteta og høgskulane for å lukkast med å takle desse utfordringane. NHO Sogn og Fjordane meiner difor at Stortingsmeldinga må sjåast på som eit løft for høgare utdanning, sett med arbeidslivet sine auge.

For dei aller fleste kandidatane frå høgare utdanning skal ut i ein arbeidsmarknad utanfor akademia. Høgare utdanning må difor vere tett kopla til arbeidslivet og dei behova som arbeidslivet måtte ha til ei kvar tid. Kjennskap til kvarandre, og god dialog mellom arbeidslivet og akademia er difor heilt sentralt. Det legg også Stortingsmeldiga opp til, og det er veldig bra at det blir sett klare mål om at studieprogramma skal utviklast i eit samarbeid mellom akademia og arbeidslivet.

NHO Sogn og Fjordane trur at eit styrka samarbeid vil tene alle partar. Til dømes kan det ikkje vere tvil om at Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen er, og blir, viktige motorar for økonomien nasjonalt, og for fylket vårt og regionen. Ikkje minst bidrar Sogndal og Førde som lærestadar til å forsyne bedriftene, sjukehusa og skulane i området vårt med gode kandidatar. Det har ikkje minst næringslivet vårt gitt klare tilbakemeldingar om. For det er gjennom å utdanne gode arbeidstakarar at universiteta og høgskulane verkeleg kan bidra mest til å gjere Norge og Vestlandet rusta for framtidas store endringar.

Eit belønningssystem for undervisning og ein ny stillingskategori kalla "praksisprofessor" er blant dei spennande grepa meldinga skisserer. NHO på si side har også her vore aktiv med i innspela for at meldinga skal bli best muleg rigga i høve til framtidas arbeids- og samfunnsliv. Vi har foreslått å opprette ei stilling som gjer til at personar som primært har erfaringa si frå næringslivet eller offentleg sektor, kan tilsetjast som ein såkalla praksisprofessor. Det er såleis veldig gledeleg å sjå at NHO sitt framlegg til verkemiddel  er følgt så godt opp i Stortingsmeldinga.

No når etableringa av Høgskulen på Vestlandet er eit faktum, ser NHO Sogn og Fjordane fram til å vidareutvikle det gode samarbeidet vi har hatt med høgskulemiljøet. Ikkje minst gjeld dette engasjementet i Rådet for samarbeid med arbeidslivet (RSA). Vi meiner at den nye Stortingsmeldinga i større grad enn tidlegare manar til at denne typen samarbeid blir vidareført og vidareutvikla.  Vi deltek i RSA nettopp fordi vi meiner at eit tettare samarbeid mellom akademia og arbeids-/næringsliv er heilt avgjerande for at vi skal lukkast med å takle framtidas utfordringar, også i vår region.