Tysdag 31. januar tente Norges Bondelag varselbål over heile landet for å protestere mot regjeringas Stortingsmelding om jordbrukspolitikken. Eg reagerer på at Bondelaget på denne måten vél å bruke vardebrenning som markering. Eg toler både kritikk og konstruktive innspel, men vardebrenning har ei historie i Noreg som gjer at eg meiner dette er eit skot langt over mål.

Norsk jordbruk er inne i ei god utvikling det fjerde året med denne regjeringa. Det har aldri blitt produsert meirt mat i Noreg enn i dag, og mangfaldet av norsk mat har aldri vore større.  Nedgangen i areal har flata ut, færre bønder legg ned nå enn under SP si regjeringsperiode, investeringane er høge og inntektsutviklinga er langt betre enn for dei fleste andre grupper.( 13% i 2015)

Jordbruksmeldinga eg har lagt fram har som mål fortsatt auke i matroduksjonen og eit levande jordbruk over heile landet. Vi vidarefører alle dei sentrale virkemidla for å nå desse måla:  Distriktstilskot, fraktordningar, avtalesystemet, inntektsmålet osv. Meldinga gir eit forsterka fokus for å sikre eit jordbruk over heile landet gjennom ei styrking av kanaliseringspolitikken (korn på flatbygdene på Austlandet, og husdyrproduksjon i distrikta) og større vekt på bruk av utmark, som ligg i Nord- Noreg og på Vestlandet.

Når Norges Bondelag med dette utgangspunktet tek i bruk vardebrenning som virkemiddel meiner eg at det er historielaust og perspektivlaust.

Folk på Vestlandet er i ei fase der mange har vorte arbeidsledige som følge av nedgang i oljepris, medan bøndene har all grunn til optimisme. Det meiner eg det er grunn til at Bondelaget reflekterer over.

Bønder i andre deler av verda opplever brå skifter og krevjande tider og konkursar medan jordbruksmeldinga sikrar at norske bønder ikkje vil oppleve det same.

Mjølkeprisen er til dømes på i overkant av 2 kr pr liter i Europa, medan den i Noreg er i overkant av 5 kr pr liter. Jordbruksmeldinga legg til rette for at norske bønder vil halde fram å vere i ei særstilling også dei komande tiåra.

I ein slik samanheng er reaksjonane frå Bondelaget intet mindre enn perspektivlause. Frå første stund, ja faktisk før eg fekk presentert denne Stortingsmeldinga, har kritikken frå Norges Bondelag vore massiv og utan dekning i det som faktisk står i meldinga. Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes har karakterisert meldinga som kjent FRP-politikk, liberalisering, frislepp og en svekkelse av landbrukspolitikken som FRP går til valg på.

Framfor slike slagord og karakteristikkar som rettar seg inn mot Stortingsvalet til hausten, vonar eg vi kan ha ein faktabasert debatt om kva for endringar og moderniseringar det er trong for i jordbrukspolitikken. Målet er at vi framleis skal ha eit sterkt og konkurransedyktig jordbruk og matproduksjon i heile Noreg i åra framover.