Takk for alt står det ofte på sløyfer på kransar og bårebukettar i høve gravferder. Det er eit siste farvel. I forhold til dette debattinnlegget kunne eg også brukt som overskrift: «Det forførande presteskapet». Men det gjeld ikkje alle prestane. Forholdet til den norske kyrkja har vorte meir og meir tynnslitt, elles burde eg jo ha engasjert meg meir i kyrkjeleg regi. Men slik stoda er no tenker ein til tider at det hadde vore like godt DnK hadde avgått ved døden. For viss ein ikkje forheld seg til Guds Ord i alt det ein forkynn og foretek seg i kyrkja, men det pressgrupper og «folkefleirtalet» til ei kvar tid meinar, ja då kan ein like godt gå andre stadar for å høyre det.

I forhold til medlemskap i DnK har eg prøvd å tenke lokalt. Dei 2 «dropane som fekk begeret til å renne over» var vedtaket kyrkjemøtet nyleg gjorde om liturgi for samkjønna ekteskap, og intervju med den nye presten Øystein S. Mathisen i Fjordabladet tysdag 23 september. Ein har naturleg nok hatt store problem med å finne skriftstadar i den nye liturgien for samkjønna ekteskap, ordninga er jo i strid med Bibelen. Eg har vorten oppmoda om å snakke med nyepresten, men det har ikkje vorte. Ein må vel rekne med at han er sitert rett, eg har i alle fall ikkje sett noko korrigering i avisa i ettertid. Og dersom nyepresten er sitert rett, så meinar han altså at ekteskap mellom likekjønna ikkje er synd, og slik det kan forståast i Fjordabladet har han ikkje landa på kva han sjølv vil gjere. Då skjønar vi kvar det endar. Det er ikkje vanskeleg å finne bibelvers som seier det motsette utan at eg skal gå inn på det her. Bibelen er Guds Ord. Ingen har rett til å setje seg i Guds stad og seie det motsette av det Gud seier. Dei som har kjempa fram likekjønna vigsel i kyrkja seier jo opent at det ikkje er i samsvar med Bibelen, men det er altså andre moment som tel meir enn Guds Ord. Det har gjennom tidene vore mange stridsspørsmål i kyrkja, som bla ordningsspørsmål. Men det som har skjedd no er at ein har tenkt å velsigne ei samlivsform som Bibelen kallar synd i staden for å kalle til omvending. Det er forførande og Jesus har skarpe ord til dei som fer med slikt. Då prøver ein i staden å finne nokre kjærleiksord her og der lausrive frå sin samanheng som dei kan brukast inn i feil samanheng. Kva er neste steg? Det er nyleg danna ei foreining for polyamorøse forhold, dvs sex mellom fleire personar. Neste steg vert vel ein diskusjon om kyrkja skal velsigne dette også. Ja kvifor ikkje? Ein må då vel ikkje diskriminere dei som vil leve slik? Med kva argument skal kyrkja seie nei til dei som skulle ynskje velsigning av dette? Det er ikkje i samsvar med Guds Ord, men kvifor skulle ein plutseleg argumentere med det når ein ved vigsel av samkjønna likevel har sett Guds Ord til sides? Kyrkja vil nok møte seg sjølv i døra etter kvart.

Er det kjærleg å lure folk? Er det kjærleik å forføre nokon? Neppe. Når prestane skal velsigne noko som Guds Ord kallar synd, då er det forføring av dei homofile dei driv med. Gud står ikkje bak ei slik velsigning uansett kor mykje ein prest kjem med velsigningsord og fektar med armane i kyrkja. Gud kallar i staden til omvending så folk skal verte frelste.

28 april var det intervju med prost Rolf i Fjordabladet. Han sjølv ynskjer ikkje å foreta vigsel av samkjønna par sidan han ikkje kan sjå at Skrifta godkjenner det. Samtidig meiner han merkeleg nok at om ein prest ynskjer å vie samkjønna eller ikkje, ikkje er noko som det vil bli teke omsyn til ved tilsetjing. Med andre ord, det som Skrifta ikkje godkjenn er irrelevant ved tilsetjing av prestar innafor prostiet prosten har ansvar for.

Det er med vemod eg no seier takk for meg som medlem i DnK. Eg erkjenner at bibeltru kristne kjem fram til ulike konklusjonar når det gjeld eins medlemskap i DnK. Men spørsmålet eg har stilt meg er om eg ville ha meldt meg inn i ei slik kyrkje, og svaret er klart nei, og då er jo grunnen svak for å stå der også. Som så mange andre er eg døypt, konfirmert og har gifta meg i Den norske Kyrkja, men eg dreg likevel ikkje den konklusjonen at eg måtte verte gravlagd i den same kyrkja. Alle har rett på ei grav uansett, og seremoniar er det nok alternativ til. No er ikkje kyrkjedøra stengd fordi ein melder seg ut, andre kyrkjesamfunn eller organisasjonar stenger heller ikkje dørene for folk som dukkar opp. Samtidig har eg mysst håpet for DnK og tek konsekvensen av det og har meldt meg ut. Det var enkelt sidan ein ved å gå inn på www.kirken.no kan ein klikke seg vidare i meny lenger nede på sida på fana medlemskap, og etter få tastetrykk til, så er ein utmeld.

Eg skulle ynskje at det kunne dannast i alle fall ei supplerande forsamling i annan regi på Eid slik at ein kan ha ein stad å gå for å få åndeleg føde. Om det er mogleg å få til er ei heilt anna sak.