Svært mange hugsar NRK sitt Brennpunkt-program Framtidsbonden frå 16.februar dette året.

Frå Sogn og Fjordane hugsar me tidlegare mjølkebonde Arne Nes, far Einar Nes og farbror Olav.

Dei heldt til i bygda Veitastrond med sine mjølkebruk, og der det tidlegare også var fleire dyreslag på gardane. Me fekk og med oss den aktive bruken av stølsområda som hadde vore. Brennpunkt hadde leita fram til programmet sitt; bønder som hadde avvikla drifta. Arne Nes fortalde på ein svært talande  måte korleis han og sambuar nær sagt vart «tvinga» til å avslutta gardsdrifta og mjølkeproduksjonen. Dei «klarte ikkje å veksa seg store nok». For å innsjå dette fekk dei hjelp av Tine rådgjeving og planleggjarar.

Med i programmet var og sauebonde Kjell Jarle Bruheim, som let oss få ta del i sine tankar om husdyra og beitebruken. Slik desse bøndene ordla seg om sin situasjon meiner eg at Brennpunkt trefte svært godt det som var hensikta med programmet, nemleg å slå ein del sprekker i glansbiletet av norsk jordbruk og politikken som formar dette jordbruket.

Når framtredande politikarar frå talarstolen på Stortinget framhevar norsk jordbrukspolitikk som ein suksesshistorie, skjønar dei fleste med interesse for saka at noko er gale. Eg har sjølv høyrt dette frå galleriet i Stortinget og frå debatt- og avisinnlegg.

At mykje er gale med utviklinga i jordbruket er utvilsamt, og dette gjeld i høgste grad for Sogn og Fjordane. Som fungerande leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag har eg jamnleg kontakt med mjølkebønder frå dette fylket. Gjennomgåande er dei redde for utviklinga i mjølkeproduksjonen i sine bygder. Dei ser det som Arne Nes fortel om, nemleg at investeringsmidla går til dei større gardsbruka. I planar som skal sleppa gjennom hjå Innovasjon Norge ligg det alltid inne krav om produksjonsauke sjølv om marknaden i utgangspunktet er metta. Kven skal me skulda for ein slik politikk? Det er lett å ta regjeringa for dette. Dei legg sine føringar for tildeling av investeringsmidlar og Innovasjon Norge fylgjer opp.

Men er dette så enkelt? Kor er lokal- og fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane når det gjeld utviklinga i jordbruket i fylket?  Kor er den største fagpolitiske jordbruksorganisasjonen i fylket i dette spørsmålet? Er det slik at det berre er å flyta med straumen, akseptera utviklinga og seinare leggja ansvaret på andre?

I Brennpunktprogrammet kjem det fram at beitebruken i mjølkeproduksjonen ifylgje Tine er halvert dei siste 15 åra. Dei vakre motiva på mjølkekartongane stemmer altså ikkje med verkelegheita.

Sauebonden Kjell Jarle ser og at beitebruken minkar, og avl og meir intensiv foring av dyra tvingar seg fram. Dei grasetande husdyra våre vert fjerna frå det som er det mest naturlege ressursgrunnlaget.

Under jordbrukstingingane i mai dette året skreiv fylkesordføraren i Sogn- og Fjordane eit svært engasjerande innlegg i Bergens Tidende om jordbruksutviklinga i fylket. Kva om politikarane i Sogn og Fjordane let partipolitikk verta partipolitikk for ei stund, og verkeleg greip tak i dei viktige jordbrukspolitiske sakene som vedkjem heimfylket. Arne Nes og Kjell Jarle Bruheim har peika desse sakene ut for dei. Bakgrunnsmaterialet er gratis opparbeidd frå ekspertar som kjenner problemet på kroppen. Dersom fylkes- og lokalpolitikarar protesterer på ei utvikling som ikkje er rett for deira fylke, vil nokon på sentralt hald før eller seinare måtta reagera. Dersom fleire distriktsfylke reagerer på same måten vil sentrale myndigheiter føla seg pressa. Denne utviklinga er ikkje spesiell for Sogn og Fjordane, den er det vanlege i mange distrikt over heile landet.

Agri Analyse fortel dette svært godt i ein rapport frå mars 2016. «Vestlandsjordbruket- vinn eller forsvinn?». Dette er ein rapport som alle med interesse for temaet kan googla på internett. For ansvarlege politikarar lokalt og på fylkesplan i Vestlandsfylka burde denne rapporten  vera grunnlag for debatt og handling. Den er lettlesen, og den gjev også nokre moment for korleis ein kan stoppa og endra utviklinga.

Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag vil den 10.desember på eit jordbrukspolitisk møte i Sogndal freista vekkje litt merksemd omkring utviklinga i jordbruket i fylket. Det er ikkje til å koma unna at mjølkeproduksjonen er ein av bærebjelkane i fylket. Når sentrale myndigheiter ikkje vil endra sin politikk for framtida, har framleis fylket sjølv høve til å påverka for ei betre framtid for ei av dei viktigaste næringsgreinene i sitt fylke. Som fungerande leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag støttar eg opp om at fylkeslaget vårt i Sogn og Fjordane tek utviklinga på alvor. Eg kjem til å vera til stades på møtet.  Det er  uråd å ikkje verte alvorleg påverka av den otten for framtida som fleire bønder signaliserer til meg anten på telefon, via e-post eller i direkte kontakt.

Jordbrukspolitikk er samfunnssak, den dreier seg om trygg og sunn mat. Den omhandlar og matvaretryggleik for landet og regionane. Dette siste året er det og klart for fleire at jordbruket har ein viktig rolle i arbeidet for å redusera skadane av for store mengder klimagassar i atmosfæren.

Det fordrar at alt jordbruksareal over heile landet er i aktiv bruk anten som innmarksareal eller til beitebruk.

Sogn og Fjordane har alt å vinna på at me slåst mot sentraliseringa innan jordbruket der marginale jordbruksområde i distrikta ikkje lenger skal vera med. Då krevst det engasjement. Matjorda og areala må koma fyrst med meir tilskot. Produksjonstilskota må tonast ned. Stordriftsfordelene i dei beste jordbruksområda må utnyttast meir gjennom marknaden. Distriktsjordbruket må få større plass gjennom verkemiddelbruken til jordbruket.