Då hadde det allereie vore fleire kritiske innlegg i Fjordabladet med omsyn til klima og miljø i samband med tiltaket. I juli byrja busette i Hola å kome med sine motførestillingar (dei ser jo sine hus bevege seg i grunnen allereie). Naturvernforbundet ved Thorleif Jacobsen sa ifrå at dette ikkje er oppskrifta på eit grønt skifte. Ragnar Gjørven som var prosjektleiar for internasjonal standard for landstrøm, også for cruiseskip, IEC/ISO/IEEE 80005-1, kom med klare råd om Seawalk sin manglande tilpassing til standardane. I august skreiv Randi Merete Haugland, også frå Naturvernforbundet,  glimrande om deira skepsis til tiltaket. Sjølv tok eg opp nokre kritiske spørsmål, eg sa meg korkje for eller mot tiltaket, men sette fingeren på viktige kvalitetsmanglar.

Felles for oss alle er at vi vart totalt ignorert. Ingen reaksjonar var å sjå. Berre ein SV kommunepolitikar har vore villig til å ta klimaomsyn i denne saka. Var det då noko vits i å diskutere vidare? Personleg slapp eg den heilage kua laus, og det gav resultat. Ordføraren losa ho på bås att med eit svar som var meir å raute til enn å rope hurra for.  Han såg ingen konflikt mellom det å vere klimaspydspisskommune og det å satse på cruisenæringa. No opplyser ZERO at Eid ikkje lenger har avtale om klimaspydspisskommune, så då kan vi saktens forstå at han ikkje finn noko konflikt, og i ei sak som denne må vel det passe han godt. Eid venstre seier ikkje nei til cruiseturisme med miljø og klimaproblem, men ja til næringsutvikling, gitt ny teknologi og miljøkrav, og han gjentek påstanden at «Seawalk er tilrettelagt for landstraum». Ja, eg ser at det står i rammeløyvesøknaden; «tilrettelagt ved at kabelbruer enkelt kan leggast under sjølve gangvegen». Tenk om det hadde vore så enkelt…

Med ordføraren i spissen gøymer fleirtalet seg i trua på at landstraum, denne nye teknologien, skal vere avbøtande på elendigheita, fullstendig uvitande om kva slags teknisk installasjon det gjeld og med total likesæle til rådet frå ein prosjektleiar i internasjonal standardutvikling som i samarbeid med folk frå dei store sjøfartsnasjonane set ein standard som må følgjast. Så la oss få vite då korleis «tilrettelegginga» for landstraum ser ut i sin heilheit, og korleis den er sertifisert.

Vidare skriv ordføraren at klimautfordringane må det jobbast med på nasjonalt nivå. Ja, søker vi etter «landstrøm» på stortinget.no eller regjeringen.no så finn vi litt av kvart. La oss nemne Stortingsmeldinga «Kraft til endring – energipolitikken mot 2030» som og tar opp landstraum. Energi – og miljøkomitéen (leia av Ola Elvestuen frå Venstre) har med ei fyldig utgreiing som gjekk til votering i Stortinget:

«Komiteens tilråding romertall XIV.: Stortinget ber regjeringen, i samarbeid med havneeierne, kartlegge behovet for utbygging og bruk av landstrømtilbud i alle større norske havner i forbindelse med Nasjonal transportplan 2018–2029. Enstemmig vedtatt. (13.06.2016 Kl. 20:33:45)»

Vi må då forvente at aktørane ute i samfunnet tar ansvar for å følgje opp desse politiske signala, og ikkje lar humla suse seg forbi dei obligatoriske krava før dei kjem. Som nemnt tidligare kan det bli full stogg i 2025 p.g.a. EU direktiv. Då trøystar politikarane seg med at Seawalk kan tauast bort til andre dersom det ikkje er liv laga. Men kven vil ha den dersom det ikkje er liv laga? Berre høggeria?

Eid kommune er ein av aktørane, så  la oss sitere frå dokumentet «Venstres vei til grønn vekst», som er blitt til under leiing av Alfred Bjørlo: «For å etablere verdens mest effektive og miljøvennlige sjøtransport i norske farvann må hele den norske maritime verdikjeden løfte sammen: myndigheter, lasteiere, speditører, rederier og leverandører... Alle større havner skal ha landstrøm innen 2020», og vi spør: Kor ser vi «løftet» som Eid kommune, her som myndigheit under Venstres dominans «må vere med på»?  Eller er Eid hamn kanskje så lita at det ikkje er noko å løfte på?

Eg har lest Nordplan sin 160 siders rammeløyvesøknad som politikarane i Teknisk- og Samfunnsutvalet fekk på nettbretta sine eit par dagar før dei vedtok løyvet mot SV si stemme, og neppe kunne klare å lese.  Der blir klimagassutsleppa frå cruiseskip som svar til naboklager nærast omtala som ein uskuldig fjert i ei stor atmosfære:

«Eksosutslepp frå skorsteinar på skipet vil normalt vere meir enn 300 m frå land, og med dei vindtilhøve ein har på Eidsfjorden, vil det i tilfelle vere svært «uttynna» eksos som kan bli ført inn over land». Vi som vaks opp på Eid i 1960 åra minnest røyken frå Svora der kommunen brann boset på den tida. Den låg som eit illeluktande teppe innover bygda. Så glade vi var når det tok slutt. Professoren i Cruise Ventures har gjort sikkerheitsrelaterte reknestykke på vindkrefter på skip i fortøying og brukt  11 m/sek vind, noko vi kallar «frisk bris». Skipa ligg der altså i verste fall ved frisk bris og elles i mindre vind heilt ned til speilblank fjord? Såkalla «vindtilhøve på Eidsfjorden»?

I kommunen si saksutgreiing til politikarane om dette les eg: «Rådmannen legg til grunn at det er internasjonale reglar for skipseksos og vis til at eventuelle brot på ureiningslova må følgjast opp av aktuell mynde». Internasjonale reglar for skipseksos handlar om svovel og NOxer. Klimagassutsleppet som er av interesse er CO2 (hovudproduktet i avgassane), og det er ikkje dekka av dei MARPOL reglane som det siktast til.  Og i stortingsmeldinga nemnt ovanfor står det at det er kommunen som er  forureiningsmyndigheit for lokal luftkvalitet.  Som ein skjønar; klimadiskusjonen er fråverande.

Nokre vil sikkert hevde at i den store klimasamanhengen utgjer utsleppa på Eid ein svært liten del. Men her er ein annan alvorleg konsekvens som ikkje er kjent hos aktørane, nemleg dei internasjonale fagmiljøa sin reaksjon på det som går føre seg. I den internasjonale standardiseringskomitéen  sit representantar få Kina, Japan, USA, Canada og fleire europeiske land. Det vert svært pinleg for norske medlem å rapportere om kva som skjer i Noreg. «Lisje Eid» får ei svart stjerne på verdskartet. Det kan vidare verke øydeleggande for norsk truverd i diskusjonane. Det ansvaret må kommunen ta innover seg med stort alvor.

Eid kommunestyre vedtok 6. oktober avtale datert 3. oktober med SeaWalk Nordfjord AS, om etablering, bruk og drift av flytande kaianlegg. Partane er der samde om å ha ein felles intensjon om at Seawalk-anlegget skal tilknyttast landstraum. Bellona har engasjert seg i landstraumproblemet som vedkjem både eksisterande og nye hamner og skipsfart generelt. Deira standpunkt er at eksisterande hamner bør få installert landstraum og ingen nye hamner bør planleggast utan dette tiltaket! Då går det dårleg å hive seg på eit konsept der ingen har dokumentert at landstraum vert mogleg eller at nettselskapet kan føre fram naudsynt straum. Eg meiner at denne «felles intensjonen» ikkje får anna funksjon enn å vere orsaking til teknisk inkompetanse, fåkunne og naivitet.

Ålmenta i Eid, og spesielt dei som er busett utover Eidsfjorden, bør også få vite at i same avtale, som gjeld i 50 år framover, er eventuell etablering av ytterlegare mottaksanlegg for cruiseskip i Eid kommune tatt opp. Det heiter at «Anlegga skal byggesøkast på vanleg måte». Ein klarare invitasjon kan vel ingen håpe på, og vi merkjer oss fleirtalsforma.

Denne saka ser ut for å ha gått i politisk vranglås på Eid. Dersom tvilen dukkar opp kjem det nok som eit hjartesukk over «ei vanskeleg sak». Klimakampen må nok flyttast opp på riksnivå, og media som Aftenposten, Dagsavisen og Teknisk Ukeblad, som alle har skrive mykje om cruisekipsforureining, kjenner til saka. Finansielt ser det ut for at Eid no sit att aleine med ein liten offentleg eigardel. Kommunen får lite makt i styret og får neppe trumfa inn landstraum den vegen. Eigarskapet ser meir ut som ei regelrett sponsing av eit privat tiltak med stort forureiningspotensial. Var det meininga?