Det er mest som ein ikkje kan tru det, skal eit nytt Vestlandsfylke framstå som språknøytralt? Dette vil vere naturstridig, nynorsk står sterkt i alle tre fylka.

Rogaland har rett nok nokre byar som har bokmål, men dialekten i dei same byane er etter det eg høyrer, nær nynorsk.

Bergen marknadsfører seg som Nynorskbyen og Sogn og Fjordane er Nynorskfylke. Helse Bergen og den nyorganiserte høgskulane har nynorsk  som sitt språk. Kvifor skal eit nytt Vestlandsfylke ikkje halde på nynorsk, og framheve det som eit kvalitetsvaremerke?

Vi hadde venta at både Sogn og Fjordane og Hordaland sine forhandlarar hadde stått hardt på for språket vårt. Det er skuffande at dei tydeleg har mangla visjonar om ei så viktig verdisak som språk. Det vi no ser er ei framandgjering som vi ikkje kan og skal finne oss i. Det er flott at folk reagerer så kraftig, og det må ei sterk mobilisering til: Det kan ikkje bli noko Vestlandsfylke utan at kravet om  nynorsk som det offisielle språket vert innfridd.

Det er freistande å seie at forhandlarane bør skamme seg, og seie seg leie for at dei ikkje skjøna betre. Det er inga skam å snu i ei slik sak, tvert imot.

I ein artikkel i siste nummer av Norsk Tidend er det vist til ei undersøking som viser at nynorskpolitikarane på Stortinget snakkar enklast og uttrykker seg mindre snirklete. Den politikaren som har brukt det enklaste språket frå talarstolen, er Unn Aarrestad. Ho seier sjølv at det kom av at ho brukte den jærske dialekten sin og nynorsk i alle innlegga. Altså Rogaland, nynorsk er eit godt formidlingsspråk.

Språk er kultur og identitet, så ikkje noko Vestlandsfylke utan nynorsk. Sogn og Fjordane Mållag vil og ta opp denne saka i neste styremøte.