Mange kommunar landet rundt kan nok kjenna seg hardt pressa av trange rammevilkår og negativ folketalsutvikling. Likevel syner historia og statistikken tydeleg at bygder som har klart å halda på den lokale sjølråderetten, har berga seg uendelig mykje betre enn dei som leid den vanlagnad å verta ein stemoderleg handsama utkant i ein storkommune. Uansett kor liten ein kommune er, og det finns 41 som er mindre enn Hornindal, har dei minst ei skule og eigen gamleheim mens mange ekskommuner er ribba for slikt og meire til. Faktisk finns det ein ekskommune som er fri for folk og eit tidlegare kommunesenter som ligg like øde. Det å ha ein lokal forvaltning med ordføraren som den fremste ambassadøren for bygda er særs viktig for å halda på institusjonane, arbeida for stads- og næringsutvikling, kjempa for gode samferdselsløsningar osb..

Dømene på skilnaden mellom levande og daude kommunar, noverande og tidlegare kommunesentra, er nestan overveldande om ein grev seg ned i materien, men reint umiddelbart er det ikkje alltid så lett å få auge på det. Når ein kommune opphøyrer å eksistera, forsvinn den nemlig også frå statistikken. Dei som til dømes meiner at samanslåing er nykjelen til full lækjardekning, får jo rett når etter kvart permanent stengde lækjarkontor liksom stupande folketal og anna elende i utkantane ikkje lenger vert avslørt av finmaska kommunestatistikk.

Honndølane treng ikkje reisa langt for å sjå fasiten på korleis det etter kvart vil gå med eiga bygd om samanslåingsvedtaket vert ståande, for korleis ligg det an med det som allereie er utkant i Volda? Akkurat som Hornindal vart tvungen inn i Stryn, havna Dalsfjord under Volda i 1964 etter å ha levd 40 år i fridom. Ved opprettinga i 1924 hadde Dalsfjord 960 innbyggjarar, eit tal som steig til 1151 før nedlegginga. Kommunen var altså ganske nøyaktig like stor som den delen av Hornindal som gjekk til Stryn og 13 år seinare vart utskilt att som eigen kommune. Kor mange bur det så i dag i det som ein gong i tida var Dalsfjord kommune, og korleis har det tidlegare kommunesenteret der utvikla seg i høve til Grodås? Svaret på det siste ser ein med det blotte auge, men tala si tale er også klare: Medan Hornindal har hatt ein så godt som flat folketalskurve, har Dalsfjord mista 36 prosent av folka sine. I fjor var det att 742. Det er å lura seg sjøl om ein trur at Hornindal vil bløma berre kommunen nedlegg seg sjøl for å gå inn og konkurrera med Dalsfjord og andre utkanter om gunsten til sentralmakta i Volda.