Etterpåklokskap vert hevda å vere den mest eksakte vitskapen, for å sitere Per Jarle Hellevik.

Det er aldri lett å spå om framtida, og derfor ser vi at ting ofte får uønska resultat når endringar skjer fort og ting går «over stokk og stein».

Vår Velferdsstat er tufta på lovverk og løns/arbeidsavtaler som er kjempa fram i demokratiske prosessar, ofte gjennom motgang og stor personleg innsats som i tider har gått på helsa laust. Slik er velferdsstaten vår tømra med sikringsnett som skal verne om alle, helse, økonomi, sosial status og fri utfalding. Dette har gitt landet vårt status som eit av verdas beste land å bu i.

Dataalderen har sendt sine signal verda rundt på kortare tid enn det tar å skrive desse setningane. Ordet har gått, og for dei som set i fattigdom og naud på ulik vis, vert Noreg det enkle svaret på rask endring av eigen status.

For menneske i krigs/valds-soner er valet endå enklare. Redd livet, eller gå under. Folkevandringane tek til, og etter kvart som «selfiane» kjem attende til heimlandet, skyt migrantstraumen fart og omfang. Våre folkevalde set fast i si eiga hjelpeløyse. Nordmenn er kjende, like frå Nansen si tid, for hjartelag og evne til å yte hjelp. Mange sosiale nettstader har skipa solidaritetsgrupper for ulike hjelpeaksjonar, og signala har blitt fanga opp av politikarar som har politiske galluptal i bakhovudet.

Dermed har rådløysa skapt ein kaotisk situasjon. Vi har vore bundne av internasjonale konvensjonar, politiske utspel, den frie flyt av migrantar over EU/EØS-landa sine opne grenser og eit statleg apparat som ikkje har evne til å ta imot tusenvis av migrantar, delvis utan identitetsbevis, og utan attestasjon for fagleg kompetanse.

Når ulike sivilisasjonar støyter saman «over natta», må ein måtte forvente at uønska situasjonar oppstår, og media har ikkje fornekta seg. Vi har blitt fora med detaljer som har skapt engstelse og mange låste dører i lokalsamfunna.

Vi står midt oppe i ei omforming av politi, kommunegrenser, helseregionar og med økonomiske innstrammingar i vente. Kunne politikarane hatt «antenner» som kunne oppfatte korleis denne utviklinga måtte kome? Mange på grasrotnivå hevda syn som no viser seg å gå i oppfylling. Men det som no gjeld, korleis kan vi i felleskap få skape ei framtid der vi greier å ivareta våre eigne innbyggarar sine rettkomne krav, samstundes som vi gir plass og hjelp til dei som søkte ei ny framtid i landet  vårt?

Har vi politiske leiarar som evner å sjå lenger enn til nye maktkonstellasjonar og eigne posisjonar? Valet i 2017 vil gi oss ein del svar.