Tanken er så absolutt god, og det meste vil falle på plass etter kvart. Der ein Lefdal er med, brukar det å vere levedyktig. Dei spørsmåla eg sit med, er: Kan det skaffast høgspent straumkabel som kan stette kravet om landbasert energitilførsel, og vil ein Sea-Walk kunne gi stabil tilførsel? Vil det vere areal nok til oppstilling av 30-40 bussar? Vil hotellnæringa (slik den er i dag) kunne servere lunch til to-tre tusen gjestar på ein dag?

Eidsgata vil bli ein av attraksjonane på strekninga fram til «Vikingleiren» og det fantastiske vikingskipet. Sjølv om gata blir stengd for biltrafikk i det aktuelle tidsrommet, vil presset på lokale bebuarar og handelsstanden bli enormt (språkkunnig personale?).

Det føreligg sikkert gode planløysingar, og førebuingane er vel i rute (opplæring av guidar, informasjonsstasjon, styrka renovasjon, auka beredskap i helsetenesta, samarbeidsplanar med hotell (i Måløy, Hornindal, Sandane) for dagar med stor trafikk, ja, lista kan gjerast lang.

No er det slik at «vegen blir til medan ein går», og ordføraren har vel allereie ei arbeidsgruppe i sving. Vonar berre den gruppa tek omsyn til dei som bur i  områda grensande inn mot flytebrygga. Desse store skipa vil ruve over all busetnad i Eid, og det vil medføre ein del ulemper for dei som lever tett på.

Hovudbryet for oss vanlege kundar blir å skygge unna dagar med stort press på handelsstanden, slik at vi kan gjere våre vanlege innkjøp i fred og ro. For Eid kommune vil den auka turismen gi betre skatteinngang, men infrastrukturen og kommunal beredskap blir ikkje billeg. Over tid, vil den nok likevel  løne seg. Vi lever i spanande tide, og lukke til for dei som står med hovudansvaret.