På kulturfronten er det mange høgdepunkt gjennom året i Eid, og for den del Sogn og Fjordane. Det absolutt største på denne tida av året er Malakoff Rockfestival som blir arrangert denne helga. For festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal og staben hans starta planlegginga av årets plakat og årets rockfestival lenge før den førre vart avslutta. For alle frivillige , lag og organisasjonar starta den store dugnaden med å rigge festivalområdet helga vi har bak oss. Det er eit imponerande apparat som er i sving for at den skaren av glade festivaldeltakarar som kjem til Nordfjordeid denne helga, skal få ei best mogleg oppleving.

Alle dei som kjem på besøk dei komande dagane vil heilt sikkert stille spørsmål om korleis det er muleg for ein rimeleg liten kommune som Eid å mobilisere så store mengder frivillige, som det ein klarer å gjere i Eid. Den enkle forklaringa er truleg eigarskapet folk i kommunen har fått til festivalen, som i sin spede start var ei ungdomsbedrift ved Eid vidaregåande skule. Ei anna og kanskje vel så god forklaring er den klokskapen som festvalleiing har lagt for dagen, når det gjeld å dele med seg. Det at mange lag og organisasjonar, som ikkje er dei som får mest kroner over kommunale budsjett, her har ei gylden moglegheit til å spe på slunkne klubbkasser for å drive frivillige arbeid blant barn, unge og andre, er også ein del av det store biletet. Uansett korleis ein ser det, så er det ikkje anna enn utruleg imponerande at ein greie å få dette til å gå i hop år etter år. Det folkelege engasjementet viser tydleg at det ligg mykje klokskap bak organiseringa av festivalen.

Malakoff Rockfestival har blitt heidra som den beste festivalen i sin sjanger fleire gonger. Festivalen har også motteke Sogn og Fjordane fylke sin kulturpris. − Vi er utruleg stolte og glade over å få Fylkeskulturprisen i 2013. Denne prisen deler vi med frivillige, publikum, artistar, crew og alle andre som er med å skape Malakoff-stemninga år etter år, sa festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal då han mottok prisen i 2013. Malakoff fekk prisen for å ha gjort seg bemerka nasjonalt og for å bidra til godt omdøme for heile Sogn og Fjordane. Hovudutvalet framheva Malakoff som eit godt døme på kva ungdommeleg innsats har å seie for å utvikle kulturlivet i fylket. Det er noko bygda med byrgskap kan skrive under på.