Sjukehusaksjonen har eiga faggruppe der kommunelegar og tidligare overlegar ved Nordfjord sjukehus (NSH) er rådgjevar i saker som omhandlar helsetilbodet til innbyggjarane, noko som gjer at vi har god dokumentasjon i saker som omhandlar spesialisthelsetilbodet. Kvifor skal direktør Jon Bolstad og Fagdirektør Hans Johan Breidablikk ved sentralsjukehuset i Førde og dei som blir utpeika, ha monopol på det som er sanning om drifta ved Nordfjord sjukehus/Sentralsjukehuset til medlemmar av regjering og helseministeren. Det var eit mål og øydelegge dei etablere og godt innarbeide strukturane. Kva var den etablerte og innarbeide strukturen på Nordfjord sjukehus før raseringa starta?

Sanninga er av ein heilt anna dimensjon, en det som blir hevda. Som før som no det gjeld framtida for oss som skal leve og bu her i «grenselandet». Det på tide for helseministeren og medlemmer av regjeringa og stille spørsmål og revurdere denne viktige saka. Som kjent, det er ingen skam og snu.

I den vedtatte sjukehusplanen er det mykje bra lesnad. Vi er også opptatt av pasientsikkerheit, akuttberedskap, samarbeid mellom sjukehus i nettverk, vidareutvikling av desentraliserte spesialisthelsetenester, responstider og dekningsgrad. Private si rolle i samarbeid med offentlig tilbod til beste for pasienten. Beredskapstiltak for Nordfjord og utvikling av dette fødetilbodet for Nordfjord samla sett.

I Nasjonal helse- og sjukehusplan i punkt 5.1. står det. Styrke pasienten: «Den største utfordringen i arbeidet med å styrke pasientens stilling i helsetjenesten er å innarbeide kultur og arbeidsmåter slik at helsetjenesten ses fra pasientens perspektiv. Pasientene skal føle seg ivaretatt, sett og hørt, og møtes som de unike individene de er».

Personleg må undertegnede vere heilt einig i dette som her er komme på trykk, dette ut frå å ha vore pårørande på sjukerommet i 940 dagar . Eg legg også til grunn erfaring frå  behandling/pleie på fleire sjukehus og andre institusjonar .

Vårt mål er at befolkninga i Nordfjord skal føle seg trygge på at dei får rask og kompetent hjelp i akutte situasjonar. Derfor vil vi hevde med stor styrke at eit samarbeid, Nordfjord sjukehus og Volda sjukehus er den beste løysinga for folket i Nordfjord. Tvangsdirigering av pasientar i Nordfjord til sentralsjukehuset i Førde har kosta oss i Nordfjord nok, no vil vi ha reell fridom til og velje behandlingsplass.

Vi lever i 2016, gløym fylkes- og Helseføretaksgrensene. Dette må ei handlekraftig regjering ordne opp i. Helseministeren og kommunalministeren må samsnakkas og bli enige. Dette kan ikkje forsette. Pasientens liv og helse må vere fokus.

Er det så rosenraudt som det blir framstilt. Er Nordfjord sjukehus blitt eit fyrtårn og ein modell som bør gjelde for heile landet? Vi meiner eit bestemt nei, dette ut frå meldingar frå pasientar som opplever korleis helsetilbodet verkar i kvardagen. Også helsepersonell i Nordfjord har same oppfatning.

Kva er kvardagen kring Nordfjord sjukehus for dei som ytrar seg og har eit anna syn? Kanskje er det på tide å trekke inn ein minister til. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har tatt mobbing i skulen på alvor. Alle er med rette opptekne av dette. Dette er berre «blåbær» i forhold til det som skjer omkring i sjukehus Norge. Kan han setjast på saka?

Skal vi ha von og skal vi ha tru på framtida og få ungdommen til og vende attende til «grenselandet» må det viktigaste av alt på plass. Eit godt helsetilbod. Det står berre om ein ting, det er og gjennomføre og høyre litt etter dei som føler der kor skoen trykker. Mange er dei som er pasient og pårørande som merkar det som ikkje fungerer, kvar dag. Etter vårt syn er dette ei av dei viktigaste sakene for ei regjering, ikkje minst om ein vil vinne valet neste år.

Det kan lønne seg og lytte, og vurdere i denne omgang, på råd frå fagfolk og folket i Nordfjord.

Kanskje vil det lønne seg å lytte til andre stadar også, der fagpersonale og pasientar og folket har ei anna oppfatning av det som skal bli framtidas ordning i  Helse Norge. Skal vi bevist styre mot ei ordning der innhaldet er som vi les om i avisa om Østfold: «Ligger så lenge at grodde brudd må brekkes opp». Her kan ein lese at pasienten må ligge i fleire veker før operasjon. Likevel meiner avdelingssjef ved ortopedisk avdeling at pasientbehandlinga er forsvarleg. Korleis kan ei slik haldning overfor pasientar frå ein person forsvaras etisk og moralsk?  Er det denne type personar helseministeren høyrer på når planane skal leggjast  for framtida, der alt stort er godt innan helse-Norge. Tar Helsedirektoratet si faglige rådgjevingsgruppe for sjukehusstruktur feil?