Realfagskommunane skal ha klare mål for arbeidet med realfag i skular og barnehagar. Her i Sogn og Fjordane har me no berre ein, men dersom du bur i Flora kommune så skal det merkast gjennom at barnehagen eller skulen til borna dine satsar spesielt på matematikk og realfag. Viss ikkje bør du stilla lokalpolitikarane til veggs både for å løfta dei eksisterande realfagskommunane og legge til rette for fleire!

Realfagskommunar er eit viktig tiltak. Etter det kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier, går i dag ein av fem elevar ut av ungdomsskulen utan å kunna rekna skikkeleg. I samband med lanseringa av dei nye realfagskommunane sa han følgjande: Teknologi og naturvitskap er det me skal leva av i framtida. Då må me gje borna våre gode realfagsopplevingar allereie i barnehagen, og me må sjå til at alle elevar får grunnleggande kunnskapar i matematikk og naturfag på skulen.

Som ingeniør og realist har eg tru på at tiltaket med realfagskommunar kan vera med på å løfta matematikkgleda og kunnskapen blant barn og unge. Realfagskommunane skal ha tilbod både til dei som treng eit ekstra løft og motivasjon, og til einarane som treng noko ekstra å bryna seg på. Solid realfagskunnskap er noko som gagnar alle i samfunnet. Det er difor lov å vera entusiastisk kring tilrettelegging for realfagskommunar sjølv om du ikkje sjølv har barn eller barnebarn i skulen.

Det er framleis 383 kommunar i dag som ikkje er realfagskommunar. NITO jobbar aktivt for at fleire av desse skal bli det. Eg oppmodar alle realfags- og matematikkelskarar over heile landet til å bidra og gjera politikarane ansvarlege, både der det allereie er realfagskommunar og der det trengst nye. Det er absolutt rom for fleire - blant anna er det framleis berre ein (!) realfagskommune i kunnskapsministeren sitt heimfylke Telemark.