Målet for forhandlingane er liberalisering for å gje internasjonale selskap enklare tilgang til tenester i heile frihandelsområdet.  FO frykter at dei tenestene som betyr mest for innbyggarane; dei offentlege velferdstenestene, inkludert helse- og sosialtenester, står i fare for å bli ytterlegare opna for kommersielle selskap.

Forhandlingane har vore hemmelege og vi kjenner kun Norges opningstilbod og ikkje  vidare forhandlingar.  Vi kjenner ikkje til forhandlarane sitt mandat, og vi fryktar at offentlege tenester kan bli omfatta av avtalen. FO meiner det er urovekkjande at vi får informasjon via lekkasjar frå WikiLeaks. Dette er udemokratisk. Regjeringa burde ha gitt befolkninga informasjon fortløpande. Det er skremmande at medan næringslivet aktivt får vere med å utforme dei nye handelsavtalane, må folkevalte og fagrørsla kjempe for å få innsyn.

Den noverande regjeringa uttrykkjer at «helse- og sosialtenester i utgangspunktet skil seg lite frå andre tenester». Dette pregar den ønska revideringa av dei særnorske reglane for offentlege anbod og den pågåande tilpassinga av EUs nye anbodsdirektiv til norsk rett. FO fryktar at dette også vil vere tilfelle for føringar som blir gitt i TISA-forhandlingane.

TISA-avtalen inkluderer alle former for tenester – med mindre deltakarlanda har unntatt dei frå avtalen. Etter at avtalen er signert, kan ikkje landa bestemme at nye tenester skal skjermast frå internasjonal konkurranse. Det er vidare ein ambisjon om at avtalen ikkje er irreversibel. Det vil seie at for tenesteområder som avtalen dekkjer, vil det ikkje seinare vere lov til å innføre endringar som avgrensar internasjonal konkurranse. Det betyr at seinare regjeringar ikkje kan ta demokratisk styring, kontroll og revisjon tilbake, og innbyggjarane sine velferdstenester kan bli permanent konkurranseutsett.

TISA- landa er einige om at forhandlingane skal avsluttast innan oktober i år. Det er eit demokratisk problem at vi ikkje kjenner det norske forhandlingsmandatet og at det vert forhandla utan politiske instruksar. Statsråd Børge Brende uttalte til LO –aktuelt nr.6/ 29\016 at «TISA vil verke positivt for våre offensive interesser internasjonalt, men den vil ikkje true offentlege tenester og velferdstilbod». Kan vi verkeleg stole på dette? Alt hemmeleghald og tilbakehald av informasjon seier oss; nei. Når forhandlingane er avslutta og Stortinget gir sitt samtykkje, vil det vere for seint for lokaldemokratiet å påverke utfallet.

FO krev:

• Ei analyse av moglege konsekvensar av TISA-avtalen på alle sektorer

• Openheit kring forhandlingane og regelverket som skal nyttast i TISA.

• TISA må ikkje omfatte velferdstenester innan helse –omsorg,  sosial- og utdanningssektoren samt infrastruktur som vatn og transport.

• TISA skal ikkje pålegge og/ eller påskunde privatisering, konkurranseutsetting eller deregulering av offentlege tenester.

• TISA må ikkje hindre høve for at det offentlege overtek eigarskap og drift av tenester som i dag er konkurranseutsett.

• TISA må ikkje definere forbrukarrettar, arbeidstakarrettar, arbeidsmiljø eller internasjonal solidaritet med utvalte land som handelshindringer.

• Ingen investorar skal få eigne tvistesystem der dei kan krevje erstatning for demokratisk vedtekne lover.

• Ingen klausular kan binde opp framtidige regjeringar.

FO krev at kommunane tek avstand frå TISA og TTIP- avtalane