Med utgangspunkt i stortingsvedtaket om tre forvaltningsnivå, meiner vi at regjeringa sitt framlegg om «om lag» ti regionar er realistisk. For NHO kan talet gjerne bli færre. Vi jobbar nemleg for eit grenselaust næringsliv. Til grunn for grensedragninga bør det lagast gode funksjonelle einingar, basert på naturlege bu- og arbeidsmarknadsregionar. Det skal vere tilpassa næringslivet sine behov for forutsigbarheit og gode rammevilkår. Gode samferdsleløysingar bør bl.a. vere førande for dei nye grensene.

Vedtak om samanslåingar skal gjerast innan 1. desember i år. Dette bør ikkje hindre grensejusteringar der dette er opplagt i høve til effektive bu- og arbeidsmarknadsregionar. Dersom det er slik at kommunereforma ikkje fører til ei samling kring felles bu- og arbeidsmarknadsregionar, meiner vi det kan vere grunn til å overføre oppgåver opp til dei nye regionane. Det som også er sikkert er at dersom vår del av landet skal ha sjanse til å få fleire større, nasjonale og internasjonale oppgåver, der vere seg i privat eller offentleg regi, vil ein Vestlandsregion vere ei føremon.

NHO Sogn og Fjordane meiner at ein vestlandsregion er vegen å gå for vår del, og vi meiner at saumlause grenser på Vestlandet vil vere ein fordel for næringsutvikling. Vi har registrert at det er interesse for dialog om ein slik region blant fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, men at interessa ikkje er like stor i Møre og Romsdal. Vi trur likevel det vil vere klokt å ta desse dialogane på Vestlandet og helst sette i gang prosessar så kjapt som muleg, så får ein sette opp grensepålane etter kvart.

Fylka har frist til 1. desember i år med å fatte vedtak om samanslåing, slik at nye folkevalde regionar kan tre i kraft samstundes med kommunereforma frå 1. januar 2020. Det som er klart er at fylkeskommunane i realiteten sit i førarsetet med nøkkelen til måloppnåing. Det er også klart at NHO skal vere ein viktig premissgjevar i debatten. Målet må våre å utvikle ein framtidsretta regional struktur som bidreg til næringsutvikling, gir ei effektiv forvaltning og sikrar føreseielege rammevilkår for privat eigarskap. NHO skal halde fram det næringspolitiske arbeidet for å fremje næringslivet sine behov og bidra til at vi vel regionale storleikar som best tek vare på interessene til framtids næringsliv.