Måndag 30. mai er dagen komen: Det er folkerøysting i Eid og Gloppen om vi skal gå saman og bli éi felles kommune midt i Nordfjord.

Når ein les aviser og høyrer radio om dagen, kan ein få inntrykk av at røystetemaet er om ein likar eller ikkje likar Jan Tore Sanner, eller om ja eller nei i Sogn og Sunnfjord skal bety ja eller nei hos oss.

Eg trur det er viktig å halde fast på kva vår folkerøysting faktisk handlar om: Eid og Gloppen - og eit sterkare Nordfjord inn i framtida. Eid og Gloppen saman vil utgjere det kraftsenteret midt i Nordfjord som vi alltid har etterlyst og sakna. No har vi sjansen. Den må vi gripe. Vi har ikkje tid å vente på om ein endå betre sjanse eventuelt kjem ein gong i ei ukjent framtid.

Heilt konkret betyr ja til felles kommune Eid og Gloppen mellom anna følgjande:

Omlag 100 millioner kroner meir til tenester og velferd i Eid og Gloppen fram til 2035 - samanlikna med å stå aleine. Ja til ei felles kommune sikrar kommuneøkonomien i 15 år framover på eit like godt eller høgare nivå i dag. Å gå saman er det trygge valet for å sikre god økonomi til barnehage, skule og eldreomsorg og andre kommunale tenester.

Grønt lys til å gå vidare med bru Lote-Anda - og 5 mill kr på kjøpet. Sidan E39-vedtaket i 2014 har arbeidet med Nordfjordbrua Lote-Anda vore arbeid i motstraum. Med ja til ei felles kommune har vi politisk støtte og finansiering frå nasjonalt hald til brua som vil knyte Eid og Gloppen saman. Ja til å gå saman er eit ja til bru no.

Utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo til den nye kommunen. I løpet av året skal kabalen leggast for ei omfattande utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo. Nye, samanslåtte kommuner som lagar tyngdepunkt i regionane dei er i, vil her stå først i køen. Eg kan her og no garantere at Eid/Gloppen vil bli blant vinnarane i den nye kabalen for statlege arbeidsplassar - dersom vi no tek steget og slår oss saman.

Mange - meg sjølv inkludert - drøymer om eit samla Nordfjord som éin kommune ein gong i framtida. Det er ein fin draum - og den skal få leve vidare. Men skal han det, er det beste vi kan gjere å seie ja til det alternativet som ligg på bordet no. Vi må ta det første steget - og så får tida syne om det også er starten på noko større.

Skal ungdom velje å slå seg ned i Nordfjord og bygdene vekse i framtida, handlar ikkje det om å mistru naboen, eller om å slåst internt mellom Eid og Gloppen, Måløy og Stryn. Då må vi samarbeide - og syne at saman kan vere eit godt alternativ til dei store byane for å leve eit godt liv for dei som er unge i dag og no flyttar ut.

I dag taper vi i distrikta denne kampen år for år. Det er storbyane som veks. No har vi ein gylden sjanse til å snu utviklinga og sjølve ta grep om eiga framtid. Det gjer vi best med å seie ja til å bli 12.000 menneske saman midt i Nordfjord.

Men valet er ditt - eg vonar du brukar røysteretten på måndag uansett kva du måtte velje. Godt val!