Rett ryggen frå fjøskrakken, gå ut om fjøsdøra og sjå deg rundt. Kryp opp frå den tronge dal, til ein høg topp.

Ola Lilloe-Olsen tek seg ein tur i flyet. Slik får han eit utvida perspektiv. –Eit perspektiv han delte i avisa for ei tid tilbake. Mange, meg inkludert, beit seg merke i hans vidsyn og klare tale.

Å utvide horisonten er bra. Eg set pris på at vi får fjøsfri av og til. Så tek vi ein familietur. Kanskje til Agder, Buskerud, Østfold, Hedmark, Trøndelag, Hordaland, eller eit anna fylke. -Eller vi tek ein tur i Sogn og Fjordane. Når vi ikkje har fjøsfri kan vi nytte søndagen, eller ei kveldsstund til å koble av med ein tur i vår eiga grend. Ein av favorittstadane er Storefrogden, kor vi ser ut over Ommedalen.

Eg sluttar aldri å late meg begeistre over å sjå at berre her i vårt vesle land, er det så mykje ulikt å sjå! Husa er ulike, skog, bøar vassdrag og tettstader er ulike. Fjell, landskap, og folket er forskjellig.

Når vi er vekke heimanfrå, vert kvardagslege problemstillingar og bagatellar gløymde. Ein ser det heimlege i eit nytt perspektiv. Eg kjem heim med «blanke ark», nye impulsar og ny energi. Å utvide horisonten er bra.

Mange stader i landet kjenner innbyggjarar på at kommunen deira vert pressa til å slå seg saman med ein eller fleire naboar. Nokon kjenner seg underlegne, og nokon likar ikkje naboen. Mange stader har alternativa ved avstemming vore så mange at sjølv om alle til dømes skulle svare ja, så kunne dei likevel ikkje vere sikre på kva dei enda opp med. Resultatet avheng også av kva nabokommunane vil.

Gode gloppar: Gløym namnet «Sanner» og gløym ordet «sentralisering». Ei samanslåing av Eid og Gloppen byggjer vidare på gamalt venskap og allereie godt samarbeid. Vi har fått fram at våre to kommunar er utruleg like og likestilte. Det har også kome fram at mange av sakene som er viktigast for Gloppen, også er viktige for Eid! Dette er endåtil dokumentert i intensjonsavtala. Eg som hyar legg sjølvsagt merke til at nokre av dei viktigaste sakene for Hyen har høg prioritet!

Kvifor gifte seg med ei bortskjemt prinsesse når nabojenta er nesten perfekt? Kanskje vi ikkje er heilt perfekt vi heller? Eid er den mest jamnbyrdige ektemaken vi har blitt tilbydd så langt. Nokon betre make får vi ikkje heller, om vi seier nei. Lat oss sjå på oss sjølve med andre sine auge, i andre sitt perspektiv. Lat oss ikkje verte ståande att som det største «null» i Nordfjord! Takk for gode, konstruktive debattar, takk for turen i Sunnfjord i Nordfjord og til Eid. Det har vore interessant og lærerikt så langt!